Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Storverk om Austad sokn

Vilborg Stubseid Hovet under lanseringa av boka på jolemarknaden på Ose laurdag 30. november 2024. Foto

Vilborg Stubseid Hovet har skrive ei historiebok om Austad sokn som er like spennande som ein kriminalroman! Ein historisk stad. Liv og lagnad i Austad sokn, er boka kalla. Les meir om Vilborg Stubseid Hovet på Setesdalswiki Kyrkjene og den utskorne Austadportalen finst ikkje meir, seier Vilborg i føreordet. Ho held fram: Men sogene er […]

Byglandsfjords historie – Del 4

Reidar TVeito på Smiesvingstien på Byglandsfjord. Portrettfoto.

Historieforteljaren Reidar Tveito er ute med del 4 i Byglandsfjords historie. Her freistar han å få fram dei daglege mindre hendingane som syner liv og røre i bygda i åra 1911–1916. Det klarar han veldig godt! Han hentar mykje av stoffet frå Fædrelandsvennen, Setesdølen og Agderposten. Så nyttar han rikeleg med bilete, eigne og andre […]

Øystein Moi si bok endeleg ute!

Øystein signerer bøker under boksleppet på Dølen Hotel 2. november 2024. Foto.

Laurdag var det bokslepp på Dølen Hotel på Evje. Øystein Moi er endeleg ute med den etterlengta «Moi møter mennesker». Det er ei portrettbok der lesaren får møte meir enn 100 ulike personar Øystein har truffe på reise rundt om på store delar av Agder. Dei fleste stykka er tidlegare publiserte i Fædrelandsvennen, der Øystein hadde […]

Endeleg er boka til Kristina Merete her: «Lyst på livet»!

Kristina Merete. Foto:

Torsdag kveld blei Kristina Merete si sjølvutviklingsbok innan seksuell helse, «Lyst på livet», lansert på Dølen Hotel på Evje. Kristina Merete sitt fulle namn er Kristina Merete Støvik, men i boka omtalar ho seg bare med førenamnet. Salen på Dølen var smekkfull av spente tilhøyrarar, kanskje rundt 60 i talet. Det var ei overvekt av […]

Aasmund O. Kjetså – barneven, eldsjel og idrettsutøvar

Asmund O. Kjetså med den vesle guten Geir Kjetsaa i kajakk på Voilan 1944. Foto.

Eg har skrive ei lita bok om Aasmund O. Kjetså (1915–1947). Han var eit godt menneske. Han utretta mykje på den korte livsvegen han fekk. Boka, eller snarare heftet, har svært mange bilete frå den tida Aasmund levde. Dei kjem frå Alf Georg Kjetså si unike biletsamling. Eg er Alf Georg stor takk skuldig. Barndom […]

Beat for beat-Atle på Norli Evje

Grillmeister for høvet Andreas Erdvig, forfattar Atle Pettersen og dagleg leiar Solveig Eiken på Norli E vje. Foto.

Atle Pettersen var fredag ein lyntur innom Norli Evje for å signere den nye grillboka han har laga saman med Kristoffer Tømmerbakke. Atle er truleg mest kjend for dei fleste av oss som programleiar for Beat for beat. Programmet går på NRK-TV kvar fredagskveld. Men på Evje var han for å marknadsføre den nye grillboka […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.