Grillmeister for høvet Andreas Erdvig, forfattar Atle Pettersen og dagleg leiar Solveig Eiken på Norli Evje. Foto: Geir Daasvatn

Beat for beat-Atle på Norli Evje

Atle Pettersen var fredag ein lyntur innom Norli Evje for å signere den nye grillboka han har laga saman med Kristoffer Tømmerbakke.

Atle er truleg mest kjend for dei fleste av oss som programleiar for Beat for beat. Programmet går på NRK-TV kvar fredagskveld. Men på Evje var han for å marknadsføre den nye grillboka Fyr opp!, som han har skrive saman med naboen og kompisen Kristoffer «Kriss» Tømmerbakke. Boka gir deg fem steg for å bli grillkongen i gata, og er lynraskt blitt ein stor suksess. På 14 dagar er førsteopplaget seld ut. Nytt opplag er gått i trykken.

Inspirerte av barbecue-tradisjonen

I boka syner Atle og Kriss korleis me kan lære oss å lage den beste grillmaten ved å følge nokre enkle, grunnleggjande prinsipp. Båe er dei er inspirerte av den amerikanske barbecue-tradisjonen. Dei vil gjerne at me skal ta meir etter den her i Norge, spesielt med grillen som sosialt samlingspunkt. Dei er ikkje redde for å prøve og feile, og testar ut stadig nye teknikkar. På Tik Tok har dei rundt 100 000 fylgjarar.

Mange ville treffe Atle!

Ein av dei største kjendisane på Evje, Vegard Moi, ville gjerne sikre seg boka og signaturen til Atle Pettersen! Foto: Geir Daasvatn

På Evje var det ein jamn straum av både voksne, ungdomar og born som gjerne ville ha ein prat med Atle. Mange kjøpte ei signert bok. Endå fleire ville sikre seg ein verdifull selfie med den blide og entusiastiske programleiaren, songaren, teaterskodespelaren og nå også grillkongen. Det var ikkje fritt for at nokon kvar blei litt star-struck. Ei stund var det mest så betjeninga på Norli Evje gløymde bort å ekspedere kundane! Andreas Erdvig på Pernille Kafe toppa arrangementet med nydeleg, grilla entrecote, laga til etter oppskrift i boka til Atle og Kriss.

Travle dagar

Atle er ein veldig travel mann for tida. Ja, alltid for det me veit, med alle dei jerna i ilden. Etter ein god time i tett snødrev på Evje måtte han hive seg i bilen og dra tilbake til Kristiansand. Der spelar han Danny i den store oppsetninga av musicalen Grease som går på Kilden for tida. No fredag kveld tek førestillinga til kl. 20.00. 22 førestillingar er det alt-i-alt i april! Siste er 27. april. Me skjøner såleis at kveldens Beat for beat ikkje kan vere ei direktesending.

Trass i det travle programmet, og det litt ulagelege come-backet til vinteren, var Atle i strålande humør då han hasta avgarde:

Det var veldig moro å kome ein tur opp til Evje, og treffe folk her og dei trivelege damene på Norli Evje. Eg kjem gjerne igjen!

Del "Beat for beat-Atle på Norli Evje"