Jol i Setesdal er i handelen!

2024-utgåva av Jol i Setesdal er endeleg å få tak i! Eit innhaldsrikt og spennande hefte denne gong, pakka inne i det nydelegaste omslag.

Eg har bare skumlese og kikka raskt gjennom bladet, og lese litt nøyare i eit par av stykka. Nå gledar eg meg til å gå djupare inn i innhaldet. For dette virkar særs spennande og interessant.

Kristina Grundetjern, 2023. Foto: Geir Daasvatn

Prostiprest Kristina Grundetjern opnar bladet med den faste spalta «Joletankar». Eg kan ikkje seie at eg er religiøs. Men det ho skriv er vakkert. Ho stiller spørsmålsteikn ved om det er plass til Frelsaren i jolefeiringa vår slik ho er i dag? Ja, ho trur han kjem likevel! «Til oss, nokre gonger forkomne menneske, som lengtar etter noko vi kanskje ikkje veit kva er, noko trygt, noko å feste blikket på og halde fast i».

Bjarne Bjorvatn i toppslag!

Bjarne Bjorvatn (88 år gamal) har fleire stykke. «Kven er vel gamal?», spør han. Iallfall ikkje han, svarar han sjølv. Bjarne skriv òg om russebilen dei rota fram frå hønsehuset til KB (Knut Bjørgulvson Kjetså) på Kjetså, ein 1920-modell Chevrolet cabriolet. Det var våren 1956, og Bjarne var russeformann på Hornnes Gymnas. Då dei fekk fyr på den vogna, og drog på fisketur oppover i Dåsvannsdalen, var det rett før sertifikatet rauk. Fornøyeleg lesing! Ei tredje historie om korleis han fekk «lappen» i 1955 står på ingen måte tilbake for russebilsoga.

Husmannssonen som var eit teknisk geni

Sigurd Haugsgjerd. Portrettfoto.
Sigurd Haugsgjerd kåserer over Lars Bristol på Furuly fleirbrukshus på Evje 21. februar 2023. Foto: Geir Daasvatn

Sigurd Haugsgjerd har skrive bok om det tekniske geniet Lars Bristol, husmannssonen frå Kjetså i Hornnes som fann opp den viktige glødetråden. Med det hadde han ei avgerande hand med då Thomas Alva Edison fekk glødelampa til å fungere. Men Lars Bristol blei gløymd. Stykket i Jol i Setesdal no er ei fin oppsummering av soga i fortetta form.

Frå krigen

Dag Homme har funne fram eit brev Sigurd Aamlid (1889–1965) skreiv til syster si, Anne Uppstad, rett før jol i 1945. Ho var då i Nord-Dakota i USA. Sigurd fortel om dagane då krigen braut laus i april 1940, og om seinare motstandsarbeid saman med Knut O. Bø med fleire. Knut blei som me veit avretta av tyskerane på Trandum 9. mai 1944. Sigurd var lærar under krigen, og var mellom dei som blei sendt til Kirkenes tidleg i 1942. Det berga han kanskje frå å bli teken av tyskerane då motstandsorganisasjonen på Sørlandet blei rulla opp rundt den tida. 17. mai 1945 heldt han festtalen i Kristiansand. Brevet er sterk historie som må lesast.

Frå Uppstad til prestegjerning på prærien i Nord-Dakota

Torgeir Solbakk fortel eit utvandrarhistorie frå Hylestad, om Hans Sveinson Uppstad (1896–1996). Han vaks opp i stor armod på ein liten husmannsplass under gardsbruket Plasset (gnr. 60, bnr. 19) i Uppstad. Framtida såg mørk ut. I 1914 drog han avgarde til Amerika, på det siste skipet som gjekk frå Noreg før 1. verdskrigen braut ut. Han verva seg friviljug til militærteneste, og blei mest drepen i Kvite-Russland heilt mot slutten av krigen. Etter krigen utdanna han seg til prest. Livet hans som prest på prærien i Nord-Dakota i pionertida kunne fylle ei heil bok, seier artikkelforfattaren Torgeir Solbakk.

Setesdalsvenen Arne T. Aabø

Framsida med teikning av Mona Ida Håvorstad Frøysnes.

Arne T. Aabø har eit stykke i Jol i Setesdal kvart einaste år, etter det eg hugsar. Han kom til Valle som ung lærar hausten 1968, 24 år gamal. I stykket denne gong greiar han ut om ætterøter han har i Valle, og korleis dei har spredd seg utover i Telemark. Han blei godt over 60 år før han visste om dette, seier han sjølv. Det er ein særs fin artikkel, med interessante bilete og skrive på eit nydeleg nynorsk.

Tamreindrifta i praksis

Særs kunnskapsrike og grundige Olav M. Holen skriv om tamreindrifta i Bykle 1886–1879. Han fortel at han har vore mest interessert i daglegliv og korleis livet som reinsdyrgjetar arta seg reint praktisk. Dette skriv han så om vidare utover i stykket. Me får ein slags oversikt over korleis reingjetarane klarte den vanskelege jobben å halde mange tusen reinsdyr samla. Eg veit svært lite om tamreindrifta, anna enn det eg har lese i Kjell Bitustøyl si bok frå 2017. Olav M. Holen sitt stykke må vere eit særs viktig supplement til den historia.

Lyrisk om hotelldrift!

Lyrikaren Olav Mosdøl skriv «Ei forteljing om hotelldrift i Bykle i gamal og ny tid». Han tek fram det han meiner er ei viktig hotellsoge; nemleg det å vere knytt til teneste for folk i Bykle i gamal og ny tid. Siste delen av stykket er ein samtale med vertskapet på Bykle Hotell i dag, Hanna og Bjørn Erling Bakken Auestad. Ei «næringslivssoge» i lyrisk form, kan det bli betre?

Nybrottsarbeid

Pensjonert professor i musikkvitskap, Vidar Lande, har forska på og skrive ei særs omfattande bok om den gløymde folkemusikk-skatten i Setesdal, Gautestadtradisjonen. Eg har like lite kjennskap til folkemusikken som til tamreindrifta. Men eg trur det forskningsarbeidet Vidar har utført, og nå gjeve ut i bokform, er nybrottsarbeid av beste merke innan folkemusikken. Artikkelen i Jol i Setesdal er tufta på innhaldet i boka, men i særs konsentrert form.

Hallvard Sugandi på Island

Mot slutten av bladet fortel Vidar Toreid om huset til Hallvard Sugandi frå Sætrum som nå er attreist på Island. Hallvard skal vere den fyrste setesdølen me veit namnet på. Han var med i slaget i Hafrsfjord rundt 872. Men han var på den tapande sida, og måtte flykte frå landet.

Oddbjørn Aardalen bidreg igjen med fleire nydelege dikt. «Men livet er ikkje ei eng, livet er eit rådyrkje i enga som høyrer slåmaskina nærme seg.» Finare kan det mest ikkje seiast, iallfall ikkje for dei av oss som ofte kan tenkje i dei banane.

I bladet er det òg kryssord, revysongen «Heime er her», skrive av Inger Lill Nyhlen Portaasen til Hovdenrevyen i 1989, og ei lita soge om korleis ein sigarett redda liv ved Valefjødd i Valle austhei. Til sist kjem alle dei fornøyelege annonsane.

Frå gapskratt via det djupaste alvor til fagre synsinntrykk!

Med det har eg sagt nok! 2024-utgåva av Jol i Setesdal er verkeleg bra i innhaldet, etter mi ringe meining, og med stemningar som svingar frå gapskratt til det djupaste alvor. Det spennande innhaldet er pakka inne i eit meir enn pent omslag. Det er i adventsfargar, og med det nydelege biletet «Der det alltid er ljos» måla av Mona Ida Håvorstad Frøysnes på framsida. Det kunne eg gjerne kjøpt bladet for aleine.

Prisen i år er 130 kroner. Bladet er å få kjøpt alle dei vanlege utsalsstadene etter det eg veit. På Evje er det iallfall, for eg fekk kjøpt mitt eksemplar hos dei trivelege jentene på Norli Evje.

Del "Jol i Setesdal er i handelen!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.