Enorm jubel for El Camino på Furuly fredag 29. august 2025! Foto.
Enorm jubel for El Camino på Furuly fredag 29. august 2025! Foto: Geir Daasvatn

El Camino rocka Fredagsklubben!

Ungdomane i El Camino fyrte verkeleg opp stemninga då dei spelte på Fredagsklubben på Furuly på Evje fredag kveld.

Fredagsklubben er ei frivillig forening som steller i stand aktivitetar for menneske med funksjonsvariasjonar. I løpet av året er det fleire tilstelningar. Fredag 29. august var det «Tapas og trubadur». Kort fortalt musikk, nydeleg tapasmat, spennande lotteri på inngangsbilletten og til slutt eit fyrvrkeri av eit disko! Folk heilt frå Kristiansand til Valle var med.

Fritidsbandet El Camino fekk æra av å smelle i gang kvelden. Det gjorde dei til gagns! Dei spelte og song nydelege, kjende Toto- og Eagles-låtar med stort «trøkk» og til enorm jubel.

El Camino

Noah Leander Andersen (keyboard, trommer), Jonas Kjetså Homme (el-gitar) og Eivind Leander Dale (trommer, gitar) utgjer bandet. Som vokalist hadde dei denne kvelden med seg Akaina Uleberg. Ho imponerte stort med stemmeprakta si. Ja, alle imponerte! Gutane har øvd lenge, i fleire år, og er alt flinke musikarar. Dei øver på fritida, i lokala til Ungdomsklubben på Evje. Utstyret dei brukar er dels deiras eige, og noko er frå Ungdomsklubben.

Men dei manglar altså ein vokalist:

Me treng ein vokalist! Ole Christian Carlsen var med oss før, men har flytta for å gå på skule. Så om det er nokon der ute som har lyst til å bli med i bandet vårt, er det bare å ringe, seier dei tre 10-klassingane i kor og med eit smil.

Fredagsklubben

Fredagsklubben er eit fantastisk tilbod til gode medmenneske. Emma Kristine Leesland er framleis primus motor, rundt 18 år etter at foreninga blei starta opp. Ho har med seg ein utruleg positiv og engasjert dugndsgjeng. I tillegg gjer familie og tilsette rundt om i kommunane ein stor innsats for å få alt til å gå ihop. Neste arrangement på programmet er Danmarks-tur alt komande helg. Det er så mykje eg kunne fortelle om Fredagsklubben, at eg lyt kome tilbake med eit eige stykke seinare ein gong.

Takk til Akaina, Noah Leander, Jonas og Eivind Leander for eminent musikk, og til alle dykk andre som på ulike vis var med og gjorde kvelden verdfull og unik!

Klikk på bileta for forstørring

Del "El Camino rocka Fredagsklubben!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.