Jan Oddvar Rysstad gjorde sterkt inntryukk under Kulturkvelden til Evje og Hornnes sogelag 10. mars 2026. Foto.
Jan Oddvar Rysstad gjorde sterkt inntrykk under Kulturkvelden til Evje og Hornnes sogelag 10. mars 2026. Foto: Geir Daasvatn

Givande Kulturkveld med Evje og Hornnes sogelag

Evje og Hornnes sogelag hadde årsmøte på Furuly fleirbrukshus på Evje tysdag 10. mars. Etter årsmøtet var det ein flott Kulturkveld. Jan Oddvar Rysstad deltok med musikk og forteljing og Jorunn Tove Høiland med foto frå Svalbard. Historisk film frå Evje var det også tid til.

Formalitetane på årsmøtet blei raskt gjort unna. 23 minutt var alt medlemene trong til det. Kristian Skaiå held fram som leiar og eit slagkraftig styre er på plass.

Jan Oddvar på munnharpa

Så var det klart for Kulturkveld. Kristian ynskte alle i det smekkfulle lokalet hjarteleg velkomen og introduserte kvedaren og munnharpespelaren Jan Oddvar Rysstad for oss. Jan Oddvar kjenner mange kanskje betre som bussjåfør og trafikksjef hos Setesdal Bilruter. Men han briljerte også som forteljar! Han fortalde om det noko «ville» Setesdal på 1500-talet og den berømte bondeferda til Nedenes for å «ta» futen. Ei ferd som ikkje endte så godt – fleire av setesdølane blei til slutt avretta.

Han gjorde eit hopp over til setesdalskjempa Bjørguv Uppstad og slåtten Uppstaden på munnharpa. Me fekk også høyre Luftslaget av Bjørgulv Straume, den intense slåtten om luftkampen over Bygland under andre verdskrigen der sju unge menn omkom etter at flyet deiras blei skote ned av tyske jagarfly og styrta like ved Melejuvet.

Slåtten tek til med eit tema frå kallesignalet BBC brukte under krigen, tre korte og ein lang, henta frå Skjebnesymfonien av Beethoven. Så illustrerer tonane ferda frå England og skytinga frå dei tyske jagarflya. Ein kan formeleg høyre korleis kulene flyg rundt øyro på flygarane. På slutten av slåtten høyrer ein flyet styrte mot bakken. Då vert det stille. Deretter vert opningstemaet repetert.

Sterkt!

Jorunn Tove synte oss Svalbard

Jorunn Tove Høiland frå Evje har arbeidd hos Sysselmesteren på Svalbard i tilsaman elleve år. Ho er hobbyfotograf og synte oss unike bilete som ho har teke i løpet av alle desse åra. Her var både talande miljøskildringar frå lokalsamfunnet og dei vakraste, storslegne naturbilete. Det var visst fyrste gongen «Joa» – som eg hugsar henne som frå ungdomsskulen for eit langt liv sidan – presenterte bilete for ei forsamling på dette viset. Det skulle ein ikkje tru, for ho framstod som ein framifrå forteljar. Etter framsyninga trur eg at me alle saman sat att med eit heilt nytt og oppdatert inntrykk av kva denne øygruppa langt oppe i Nordishavet eigentleg er for noko.

Nå veit me at Jorunn Tove Høiland kan fortelje! Foto: Geir Daasvatn

Det var så moro og interessant med forteljinga og bileta at både me i publikum og kanskje Jorunn Tove sjølv gløymde tida litt. Dei aller siste bileta, nokre nydelege fugle- og naturbilete, måtte ho difor berre lynfort bla gjennom.

Etter ei dugeleg matøkt med smakfulle rundstykke frå Urds Kjøkken – og det tradisjonsrike lotteriet til Olaf Lohne – kom Jan Oddvar attende. No med ei «stevavdeling». Fleire titusentals stev finst det i Setesdal. Jan Oddvar meinte dei gamle setesdølane dikta stev som «psykologisk behandling» når dei kunne trenge det.

Elisabeth med Evjefilmen

Det byrja no å dra seg langt ut på kvelden. Men enno var det tid for Elisabeth Tellefsen til å syne fram den gamle Evjefilmen. Kulturpersonlegdomen Olav Arne Kleveland las kommentarane. Olav Arne gjekk bort i 2012. Men det kjentest mest som han VAR saman med oss i forsamlingssalen.

Etter nokre avsluttande meiningsutvekslingar om turplanane for 2026 takka Kristian for den gilde kvelden. Kvelden som ikkje lenger var så ung, men som kjentes både givande og verdfull å ha vore med på.

Takk for den fine tilstelninga.

Del "Givande Kulturkveld med Evje og Hornnes sogelag"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.