Laurdag 18. april blei den årevisse Talentiaden til Fredagsklubben arrangert på Evjemoen kino.
For ein festkveld me fekk oppleve!
Heile 19 utøvarar steig fram på den store scenen og framførte nummeret sitt. Dei hadde musikalsk støtte frå eit høg-kvalifisert «husband». Det var Geir Kongshaug og Even Øygarden frå Tenderleaves saman med nykomar Tor Ånon Kleivane på slagverk. Dei to fyrstnemnde har vore faste musikarar på Talentiaden i opp mot 15 år!
Birgit sette tonen for kvelden!
Birgit frå Valle opna programmet med O store Gud. Så gjekk det slag i slag utover kvelden til Kjetil avslutta som siste artist med Ja vi elsker på trompet. Petter fann på sparket eit svært, norsk flagg backstage og blei med på scenen. Det var ei nydeleg, høgtidssam avslutning på konkurransen.
Stykket held fram under biletet



Juryen fekk ei mest umogeleg oppgåve med å velge ut kven som skulle ha sjarmørprisen og fyrste-, andre- og tredjepremien. Frå salen såg me at dei diskuterte voldsomt for å kome fram til ei avgjerd.
Neri til topps!
Til slutt måtte avgjerda takast, og fire vel fortente prisar blei delte ut:
- Neri Bygland, 1. premie med songen Venner frå Sabeltann
- Pernille Larsson Olsen, 2. premie med songen I will always love you
- Anne Steinsland, 3. premie med munnspel
- Glenn Øvland, sjarmørprisen
Sjå innlegg med bilete av vinnarane på Setesdalssida på Facebook
Her er alle dei fantastiske utøvarane:
- Birgit – O store Gud (song)
- Vidar – Dikt
- Neri og Emma K – Venner fra Sabeltann (song)
- Iselin – Den finaste eg veit (song)
- Trym – Slå hjerte, slå (song)
- Roberto – Dans (Low)
- Kristin – I love norwegian country (song)
- Petter, Alma og Olea – Dans og song (Være med)
- Pernille – I will always love you (song)
- Malin – Outdatet (song)
- Nikolai – Lys og varme (song)
- Mona – Jeg er Pinky (song)
- Anders – Vårdag (song)
- Marita – Når dagen gryr (song)
- Anne S – munnspel
- Torunn – Shalala (song)
- Inge – Elektrisk (song og dans)
- Annette – Her blir det liv rai rai (song)
- Glenn – Life is a highway (song)
- Kjetil – Ja vi elsker (trompet)
Gratulerer og takk for innsatsen, alle saman!
Enorm frivillig innsats
Fredagsklubben er inne i sitt 19 år etter det eg hugsar. I klubben blir det gjennom heile året lagt ned ein enorm dugnadsinnsats for å få alle arrangementa vel i hamn. Ein gong i månaden møtast dei som vil til ulike typar tilstelningar, som oftast på Furuly fleirbrukshus på Evje. Leiar for klubben er Emma Kristine Leesland. Ho har med seg ein trufast gjeng med innsatsvillige hjelparar.
Talentiaden er såvisst ikkje noko unnatak når det kjem til dugnad. Bjarte Frøysnes stiller opp år etter år slik at utøvarane får både lyd og ljos så profesjonelt som dei fortener. Backingbandet med Even, Geir og Tor Ånon er alt nemnt. Jan Inge var igjen på plass som parkerings- og brannvakt. Helene hadde ansvaret på VIP-rommet (backstage). I kiosken var det enormt påtrykk i pausane og jentene der stod verkeleg på slik at alle fekk det dei trong! Eg har ikkje oversikt over alle oppgåvene som blei utført og kven som gjorde dei. Men eg registrerte iallfall at fire (!!) Leesland-systre var i sving med ulike oppgåver gjennom kvelden.
Til slutt må den fenomenale publikummet ha si fortente ros! Det var truleg rekordoppmøte på Talentiaden i år. Over 190 personar fylte mykje av salen opp. Med eit voldsomt engasjement var dei med og løfta kvar einaste utøvar og heile stemninga opp mot taket. Eg som er mest kjend med fotball hugsar så inderlig vel dei engelske kommentatorane som var mest i ekstase etter at det hadde vore ein storkamp på TV: «A night to remember!». Det kan vere oppsummeringa etter denne Talentiade-kvelden òg.
Stykket held fram under biletet

Alle har sin plass under sola
Me er alle menneske på denne jorda, med kvar våre eigenskapar. Eg kjenner ein enorm respekt for alle som våga seg fram på scenen på Evjemoen kino, og for alle dei som stod på og gjorde denne store opplevinga praktisk mogeleg å gjennomføre.
Det er så viktig å gje alle menneske høve til å skine på sitt eige vis. Det gjeld anten ein er profesjonell fotballspelar eller syng I will always love you på Talentiaden på Evje. Me treng alle å bli sett og verdsatt for den me er. Me treng å vite at me har ein verdi på denne jorda og kjenne på glede og innimellom kanskje lykke. Alle fortener me ein plass under sola. Det var stort og sterkt å vere til stades i Evjemoen kino laurdag kveld og sjå og oppleve at her fekk alle den mogelegheita.
Etter at den offisielle delen av Talentiaden var vel gjennomført, heldt kvelden fram med dans til musikk av Knut Kjetilson Jore. Då tok det heilt av! Eg kjem tilbake til det.