Svein Salve Lislevand og Øystein Moi gratulerer kvarandre med bokutgjeving. Foto.
Øystein Moi og Svein Salve Lislevand har henta bøkene og er klare til boklansering på Dølen 7. november! Foto: Privat

Salve og Moi: Stor boklansering 7. november!

Svein Salve Lislevand og Øystein Moi lanserer boka Salve og Moi. Tett på livet med brask og bram på Dølen Hotel på Evje laurdag 7. november kl. 12–15. Det blir garantert ei storhending!

Desse to velkjende – ja, nær på legendariske – skikkelsane i lokalmiljøet i Evje og Hornnes, Setesdal og indre Agder har altså slege seg saman om eit stort bokprosjekt. I korte trekk går det ut på følgjande: Dei innerste og særs jordnære tankane til kvardagsfilosofen og vegvaktaren Svein Salve er henta ned på papiret frå den store verdsveven. Desse spennande, humoristiske og ofte underfundige tekstane, der orda er skrive på herleg dialekt og om lag slik Svein Salve må ha tenkt dei oppe i den veldreidde skallen sin, er så kombinert med Øystein Moi sine meir djuptpløgande og nære samtalar med gode sambygdingar og kvardagsheltar.

Ein unik kombinasjon

Kombinasjonen er nydeleg. Me får vite om dei små stundene som til saman gjev sjølve tilværet – livet – meining. Samstundes får me innblikk i dei store livshendingane som kan føre eit liv til dei store høgdene og andre gonger leggje alt i grus.

Livet

Dette er såleis ei bok om sjølve livet, etter mi meining. Livsvisdom framført utan å vere pakka inn i store, filosofiske utlegningar. Det er ord og tankar me alle kan kjenne oss att i. Det er sjølvsagt ikkje alle av oss som kan eller vil leve livet på heia som Svein Salve eller framføre tastaturet som Øystein. Men å lese om tankane dei og sambygdingane våre gjer seg om livet er uansett givande og veldig interessant.

«Sjebbe på land»

Boka er svært innhalsrik, fordelt på mest 400 sider. Detaljane er det ikkje plass til her. Men det er herlege historiar om Svein Salve og Tom Stulien på rundreise i indre Agder og Svein Salve på jolehandel med jentane sine på Sørlandssenteret der vegvaktaren kjenner seg som «ei sjebbe på land». Svein Salve er på tur på heia med Terje Lislevand «som he våre særs heldig med hovudet sitt» og han fortel om kor hardt det er å vere mann i førjolstida.

På den andre sida er det nydelege portrett Øystein har laga med lokale folk som Solbjørg og Lars Olsen på Abusland i Hornnes og Tore Hodne som vaks opp i «Lyckliga gatan» på Byglandsfjord. «Å intervjue Jarle Bransdal er som å opne ei ny bok på side 127 – utan å vete noko som helst om korkje tema, innleiing eller avslutning», heiter det ein stad i boka. Øystein er ein svært god skribent med ein særeigen skrivestil. Veldig kjenslevart og beint fram stor litteratur er det etter mi oppleving når Øystein fortel om mor si Molla Moi på dødsleiet.

Eit fint alternativ!

Me må alle finne vår eigen veg og våre eigne verdiar langs livsvegen. Men når me har lese dei 400 sidene til vegvaktaren og bladfyken har me garantert fått ei kjempestor dose med nyttige innspel om kva som kan gje livet ei meining og ei god retning. Dette er ei verkeleg verdfull samling tekstar som eg vonar mange vil lese. Med på kjøpet følgjer ei stor mengde fine bilete.

Laurdag 7. november!

Ja, om det gjeng som sist Øystein var bokutgjevar, bør me rett og slett møte opp på Dølen Hotel laurdag 7. november for å sikre oss eit eksemplar av den nye boka. Boka Moi møter mennesker kom ut i 2024 og var snart ikkje å få tak i lenger.

Gratulerer med boka og takk til vegvaktaren Svein Salve og bladfyken Øystein for ei jordnær, innhaldsrik, spennande, lattervekkande og lærerik bok om sjølve livet.

Del "Salve og Moi: Stor boklansering 7. november!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.