Byglandsrevyen «Halvvegs til Hovden» er eitt av arrangementa som har fått støtte frå Setesdal IPR til arbeidet sitt. Her ser me Eirin Emaus som «krypsiv». Foto: Geir Daasvatn

Arrangementsstøtte frå Setesdal IPR i haust

Setesdal interkommunalt politisk råd har ei eiga støtteordning for arrangementsutvikling. I haust er det delt ut 150.000 kr under ordninga.

Føremålet med ordninga er auka verdiskaping i regionen. Gode arrangement skapar trivsel, samarbeid og utvikling, og er positive for fastbuande, besøkande og for lokalt næringsliv. Støtta gjeng til utvikling og nyskaping av nye eller etablerte arrangement, med fokus på berekraft.

Det er to søknadsfristar for arrangementsstøtteordninga, den fyrste 1. mai og den andre 15. oktober.

Ved utlaupet av fristen hausten 2023 var det 15 søknadar med totalt søknadsbeløp kr 468 000,-. Det er sett av totalt kr 300 000,- i budsjettet for arrangementsstøtte i 2023, og no i haust var det kr. 150 000,- til utdeling.

Søknadane om arrangementsstøtte er innvilga slik

  • Jul på Evje, 10.000 kr
  • PIS-konferansen i Åseral, 12.000 kr
  • Barnas julebord, Dølen Hotel, 10.000 kr
  • «Full fres i 40 år», Evje og Hornnes bygdekor, 40-års jubileumskonsert, 8.000 kr
  • Sauesjåmarknaden i Valle, 15.000 kr
  • «Felles korkonsert», Kong Hanes eftf., 10.000 kr
  • Junior-VM, mønstringsrenn Hovden, 10.000 kr
  • Naturbruksdag Bygland, Skorbruksselskapet i Agder, 10.000
  • Haust, Brokke, 20.000 kr
  • Åseral IL, to arrangement, 15.000 kr + 5.000 kr
  • «Halvvegs til Hovden», revy Bygland, 10.000 kr
  • Jol på Syrtveit, 15.000 kr

Les meir om ordninga på heimesida til Setesdal IPR

Del "Arrangementsstøtte frå Setesdal IPR i haust"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.