Første framsyning var på museumsplassen. Framsyninga slutta på vakkert vis nede ved fjorden. Foto: Geir Daasvatn

Teatervandring i Bygland: Vakkert, intenst, absurd!

Det var ei mest overveldande teatervandring me fekk oppleve på Bygland torsdag 8. august 2024.

Tre ulike teatergrupper har vore på TeaterkoloniStoga kulturkafé på Bygland denne veka, og arbeidd med ulike sceniske prosjekt. Torsdag kveld 8. august var tida komen for å syne resultatet så langt.

Etter ein kort introduksjon ved Olav Grendstad, arrangør saman med dottera Tuva Grendstad Takvam, var ei unik teatervandring i gang. Eg har ingen fagleg innsikt til å melde eit teaterstykke, eller revy for den saks skuld. Eg kan difor bare kome med eit par stikkord om mi personlege oppleving av dette. Kanskje kan nokre bilete også gje eit lite inntrykk av kor spesielt det var for oss som var så heldige å få bli med på vandringa.

Frå museet til strandkanten

Første stopp var Bygland museum, ute og inne. Her framførte Bevegelsesteaterkompaniet verket Bevegelse og natur, eit fysisk teater som det stod på plakaten. Dei fire jentene Anne Lise Urdahl, Birgitte Maaike Feddersen, Josefine Kiara Astrup og Solveig Johansen greip meg og sikkert fleire med stykket sitt. Det var veldig vakkert og orginalt.

Stykket held fram under biletet

Anne Lise Urdahl, Birgitte Maaike Feddersen, Josefine Kiara Astrup og Solveig Johansen i engasjert samspel på museumsplassen! Foto: Geir Daasvatn

Fantastisk utnytting av eit enkelt klasserom

Me vandra vidare til eit klasserom på Bygland skule. Kristin Braut-Solheim og Iselin Aagård synte oss eit ganske spesielt teaterstykke, Hull, «et rotete samtidsdrama med tidvis overdreven bruk av prosjektor», som dei kalla det. Det var intenst og dramatisk! Korleis tør så unge menneske stå rett opp og ned foran oss alle og utlevere seg slik og by på så mykje av seg sjølv? Eg er djupt imponert.

Stykket held fram under biletet

Kristin Braut-Solheim og Iselin Aagård i intenst og nært samspel i klasserommet på Bygland skule. Foto.
Intenst på Bygland skule. Foto: Geir Daasvatn

Ellevillt på Ungdomshuset

Etter den store opplevinga gjekk turen til slutt nedover til Ungdomshuset på Galgebakk. Nå var det Raske rakkere sin tur: Amanda Odden Slettevoll, Frida Ulsund og Tuva Grendstad Takvam. Magnus Lie Øverland var også med i gruppa dei første dagane på Bygland, men var reist heim før torsdagen. Frontallapp i utvikling var den talande tittelen på det stykket.

For ein tur det blei!! På ein ustyrteleg morosam måte fekk me lynkjappe glimt inn i korleis det er å just vere ferdig med utdanninga, og tankar kring vegen vidare ut i den store verda. Eg las i avisa før eg reiste oppover til Bygland at det blir stadig færre profesjonelle teateranmeldarar i dette landet. Det er visst mest umogeleg å få omtale av lokale teaterstykke i riksdekkande aviser. Her skulle ein av dei få som framleis er i yrket ha vore! Kva dei fagfolka ville kalla stykket veit ikkje eg. Men for meg var det eit slags absurd teater, der tekstane kom fykande som mitraljøsesalver frå alle kantar av Ungdomshuset. Snart var dei på scenen, i neste augneblik i lukene i andre etasje. Til og med gardintrappa var i heftig bruk.

Stykket held fram under biletet

Dei fyrte av replikkane som mitraløsesalver! Foto: Geir Daasvatn

Takk!

Eg kan som sagt ikkje gje ei meiningsfylt tilbakemelding som skodespelarane kan ta med seg i det vidare arbeidet. Men om det er verdt noko, så tusen takk for ein nydeleg, tankevekkande, fantasifull, litt melankolsk og umåteleg gøy kveld på Byglands «skrå breidder» 💝

Kva var det dei ville vise, eigentleg? Eg er ikke heilt sikker. Men det var nydeleg, og sette i gang mange tankar om livet! Foto: Geir Daasvatn
Del "Teatervandring i Bygland: Vakkert, intenst, absurd!"