Åknes kapell 26. juni 2023. Foto: Geir Daasvatn

Åknes kapell 150 år

Det vesle Åknes kapell ved Lognavatn i Åseral blei bygd i 1873. Det er stor feiring av 150-årsjubileet laurdag 19. og søndag 20. august.

«Det var eit sterkt ynskje frå logndølane om å få sitt eige gudshus for over 150 år sidan», skriv Olav Åsland i eit stykke om jubileet i Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes. Vegen ned til Kyrkjebygda var både lang og uframkomeleg, og det var krevjande å kome seg til kyrkja.

I 1864 blei det teke eit lokalt initiativ for å søke kommunen om å bygge eit kapell på Kyrkjeodden i Åknes. Det var mykje att og fram i fleire år. Men i 1871 blei det endeleg gjeve byggeløyve.

1. oktober 1873 blei kyrkja vigsla av prost Peter Blom.

Feiring i to dagar

Jubileet tek til med kulturvandring ved Lognavatn laurdag 19. august og blir avslutta med jubileumsgudsteneste søndag 20. august. Gudstenesta er ved sokneprest Kjell Steinbru og prost Rune Stormark. Oddbørn Stakkeland er organist.

Lang historie

Kyrkjehistoria på Åknes strekk seg langt tilbake i tid. Det er påvist restar etter ei stavkyrkje på Kyrkjevodden, litt nord for kapellet som står der i dag. Den kyrkja var truleg reist rundt år 1200 eller noko tidlegare.

Du kan lese meir om Åknes kapell i eit anna stykke her på Setesdalssida.

Kjelder

Åknes kapell. Kirke. Foto.
Åknes kapell 2022. Foto: Geir Daasvatn
Del "Åknes kapell 150 år"