Ruinar etter Einerkilen urangruve 24. oktober 2022. Foto: Geir Daasvatn

Arnstein i handelen!

Arnstein er årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag. Bladet er nå i handelen, i god tid til å vere ei interessant og flott julegåve.

Årets utgåve følger same spor som før. Eva Haugen Sørgaard har først ein gjennomgang av aktiviteten i sogelaget i årets som gjekk. Deretter kjem det to opptrykk av avisartiklar læraren og meldaren i Fædrelandsvennen, Ingvald Kaldhusdal, hadde på trykk i avisa julaften 1955 og i 1961. I det første skriv han om det i dag mest utdøydde stadnamnet Fossvik, på Evje-sida av Fennefossen. Men langt tilbake i tid låg det største gravfeltet i Setesdal her. Det var også her den berømte Galtelandsteinen truleg stod. Fossvik var såleis ein svært så sentral plass tilbake i sogetida, understrekar Kaldhusdal. Den andre artikkelen handlar om Lie-gruva i Evje, ei kjempestor feltspatgruve der det i si tid var stordrift med opp til 15 mann i arbeid.

August Abrahamson med toget forbi Moisund til Byglandsfjord

Eva Haugen Sørgaard har henta fram ein artikkel den kjende fotografen August Abrahamson har skrive, i ei lita bok frå 1901, om ein tur med Setesdalsbanen. I Arnstein 2022 har Eva tatt med eit utdrag av reiseskildringa, frå Moisund til Byglandsfjord stasjon. Det er ei verkeleg fin skildring av landskapet slik det såg ut for meir enn 100 år sidan.

Ivar Haugen er også i denne utgåva på plass med sitt tradisjonelle stykke «Bygda vår for 100 år sidan». Her går han gjennom nokre aviser frå 1922, for å sjå kva dei hadde å melde om tilhøva i Evje og Hornnes dette året. Det er mange spennande detaljar og mykje nytt å lære om du er interessert i lokalhistorie.

Amtsskulen i Setesdal

Skulehuset på Galteland. Foto frå festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926. Kopiert frå Setesdalswiki

Kåre Arnfinn Vågsdalen har skrive eit mykje interessant stykke om Amtsskulen i Setesdal. Amtet var då Nedenes amt. Skulen i Setesdal tok til 4. oktober 1876 i Bygland. Dei første 40 åra flytta skulen frå bygd til bygd i ulike kommunar. Frå 1916 var han fast på Galteland i Evje. Skulen fekk ein brå slutt. 9. april 1940 gjekk Tyskland til åtak på Norge, og alle elevane blei sendte heim. Gunnstein Greibrokk var siste styraren.

Jon Dagfinn Kjetså fortel på artig vis om vasking av tøy og mangt anna ved Fossen på Kjetså. Eg bur ikkje langt unna, og har vore ofte i Fossen for å fotografere. Difor er det ekstra moro for meg å få vite meir om alt det som skjedde her før mi tid i bygda.

Urangruva i Einerkilen

Etter Jon Dagfinn sitt stykke kjem det ei grundig utgreiing frå Erik Kjebekk om det korte, men intense gruveeventyret då Einerkilen urangruve var i drift 1948–1951. Uranen skulle brukast til å skaffe landet meir energi, skriv Kjebekk. Men alt kort tid etter at drita kom i gang, viste det seg at Norge kunne få åtte tonn uran frå Nederland. Behovet for uran var dekka, og Einerkilen hadde ikkje lenger nokon plass i prosjektet. I dag står bare betongruinane att som synlege minne om urandrifta, saman med det svære holet i fjellet etter gruva.

Forfattarinna Alice Wilde

Atle Hegland Evje har leita fram ei veldig interessant og spennande historie om Alice Wilde, fødd Borghild Alice Skribeland, i Kristiansand. Familien var mykje på flyttefot, og budde mellom anna på Moi i Hornnes og i Fossvik (Verksmoen) i Evje. I 1929 fekk ho stipend og reiste over til Amerika for vidareutdanning i klaverspel. Ho traff Gustav Wilde frå Danmark på båten, og blei gift med han i 1930. Paret busette seg i Danmark. Der gav Alice ut to bøker. Den første kom i 1946, under tittelen «I det nye land». I 1950 kom den andre boka, «Heimkomsten», ut. Her er fortellinga lagt til eit svært så gjenkjenneleg bygdemiljø. Det er Evje og Hornnes, og særleg området rundt Fennefossen, ho skriv om. Alice Wilde døydde i 1987, og er gravlagd i Aarhus i Danmark.

Jens Birger Aas om oppvekst og skuletid

Jens Birger Aas fortel levande og humørfylt om opplevingar han har hatt som lærar i Flatebygd og på Evje. Han skriv også om minne frå oppveksten i Flatebygd og skuletida.

Ragnhild Robstad og Eva Haugen Sørgaard har sett saman ei verkeleg fin samling med bilete av alle dei gamle skulehusa i Evje og Hornnes. Med nokre korte stikkord til kvart bilete, er dette blitt ei lita skulehistorisk skattekiste!

Sist av artiklane i bladet er eit kart over Evjemoen skyte- og øvingsfelt, der Geir Magne Feed har skrive ned dei namna han kenner til i området. Det er ikkje få!

Støttespelarane er sjølvsagt på plass!

Til slutt kjem alle annonsane frå gode støttespelarar.

Totalt, med annonsane, har årsskriftet 72 sider denne gong. Det er eit mykje interessant skrift, anten du er spesielt interessert i lokalhistorie eller «bare» tykkjer det er moro å lese litt om kva som har skjedd i bygda vår i tidlegare tider.

Skriftstyret

Skriftstyret for 2022-utgåva har vore Ragnhild Robstad, Erik Kjebekk, Kåre Hodne, Georg Bjørndal og Eva Haugen Sørgaard. Bladet er trykka hos Setesdalstrykk på Evje.

Del "Arnstein i handelen!"