Tangen friluftsområde – Bygland

Tangen er eit friluftsområde på Prestneset, rett nord for Bygland museum, i Bygland kyrkjebygd. Her er småbåtplassar, Tuftepark, sandvolleyballbanar, offentleg badeplass med nydeleg sandstrand og stupetårn ute i vatnet og mykje anna spennande. Kvar sommar arrangerer Bygland Luftsportsklubb Gamaveka Extreme i området. Den vedfyrte dampbåten Bjoren legg ikkje så sjeldan til ved brygga rett ved. På Prestneset ligg også Bygland […]