Aud Kjersti Torbjørnsen utforbi Sæbyggjen 15. juni 2023. Foto: Geir Daasvatn

Aud Kjersti på biblioteket

Eg var ein kjapp sveiv innom Valle folkebibliotek i dag. Der var eg så heldig å få ein liten prat med den blide og kunnskapsrike biblioteksjefen Aud Kjersti Torbjørnsen.

Me talte litt om moglegheita for å lage ei lita biletutstilling neste sommar, eg fekk kjøpt gards- og ættesogene for Hylestad og Valle og ikkje minst sett det svære kunstverket til Per Fronth. Vakkert og imponerande, med mykje symbolikk i seg.

Sæbyggjen er temmeleg nytt, opna i september 2018. Det flotte biblioteket er alt blitt for lite, meiner Aud Kjersti. Det er mykje brukt, og ho får ikkje plass til alle dei bøkene ho skulle ynskje.

Sjølvbetjent bibliotek

Ei spesielt gild ordning ved bibliteket er at det er «meirope» (sjølvbetjent). Har du nasjonalt lånekort, og skriv ein enkel kontrakt, kan du nytte biblioteket kl. 7–23 alle dagar heile året. Det gjeld både fastbuande, hyttefolk og kven som helst elles.

Kyrkjestoge

I tillegg til bibliotek er det Kyrkjestoge og kontor for tilsette i kyrkja i bygget. Pluss eit kjøkken.

Bygget må verkeleg vere eit stort aktivum for Valle, vil eg tru. Men det er sanneleg Aud Kjersti òg!

Rett i nærleiken

Del "Aud Kjersti på biblioteket"