Brannmenn frå Setesdal Brannvesen IKS etter utrykking til pipebrann i Hornnes. F.v. Olav Åtland, Sondre Skjeggedal (feiar), Torstein Engesland, Odd Magne Strømstad, Torstein Risdal Hannås og Albert Kjetså. Foto: Geir Daasvatn

Bra besøk på Facebooksida i april

I april har i gjennomsnitt rundt 4.740 personar sett innlegg på Setesdalssida på Facebook kvar dag.

For heile 2022 var gjennomsnittet ca 3.690 pr. dag.

Det er altså framleis ein fin auke i lesarskaren, og ei positiv utvikling.

Pr. 30. april var det 9.741 medlemer i gruppa.

Talet på medlemer aukar sakte, men sikkert med i gjennomsnitt 2–3 kvar dag.

Mest sette innlegg

Den mest sette saka var lenka me delte til Margit Dale sitt innlegg m/nydeleg bilete om konserten for kronprinsparet i Bykle gamle kyrkje. Den saka er førebels sett av 9.229 personar.

Nest-mest sett var innlegget om karane frå Setesdal Brannvesen (biletet) som lynraskt rykka ut og slokka pipebrannen i Hornnes. 7.123 personar har førebels sett det innlegget.

Vil prøve å halde koken oppe

Alt har si tid 😄 I dag trendar TikTok, Snapchat, YouTube, Instagram og andre sosiale media, og Facebook strevar med å halde interessen oppe blant folk.

Men så lenge det er ei positiv utvikling i sjåartala, og Setesdalssida såleis kan seiast å ha ein misjon, aktar eg å prøve halde ho i gang etter beste evne.

Takk for alle bidrag

Takk til alle dykk som bidreg med bilete, lenker, tips, dikt, tekstar og anna slik at me SAMAN kan spreie mest mogeleg gladnytt frå og om Setesdal 💝

Del "Bra besøk på Facebooksida i april"