Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Endeleg er boka til Kristina Merete her: «Lyst på livet»!

Kristina Merete. Foto:

Torsdag kveld blei Kristina Merete si sjølvutviklingsbok innan seksuell helse, «Lyst på livet», lansert på Dølen Hotel på Evje. Kristina Merete sitt fulle namn er Kristina Merete Støvik, men i boka omtalar ho seg bare med førenamnet. Salen på Dølen var smekkfull av spente tilhøyrarar, kanskje rundt 60 i talet. Det var ei overvekt av […]

Aasmund O. Kjetså – barneven, eldsjel og idrettsutøvar

Asmund O. Kjetså med den vesle guten Geir Kjetsaa i kajakk på Voilan 1944. Foto.

Eg har skrive ei lita bok om Aasmund O. Kjetså (1915–1947). Han var eit godt menneske. Han utretta mykje på den korte livsvegen han fekk. Boka, eller snarare heftet, har svært mange bilete frå den tida Aasmund levde. Dei kjem frå Alf Georg Kjetså si unike biletsamling. Eg er Alf Georg stor takk skuldig. Barndom […]

Beat for beat-Atle på Norli Evje

Grillmeister for høvet Andreas Erdvig, forfattar Atle Pettersen og dagleg leiar Solveig Eiken på Norli E vje. Foto.

Atle Pettersen var fredag ein lyntur innom Norli Evje for å signere den nye grillboka han har laga saman med Kristoffer Tømmerbakke. Atle er truleg mest kjend for dei fleste av oss som programleiar for Beat for beat. Programmet går på NRK-TV kvar fredagskveld. Men på Evje var han for å marknadsføre den nye grillboka […]