Dagsturhytta 29. september 2023. Foto: Geir Daasvatn

Dagsturhytta i Evje og Hornnes på plass!

Dagsturhytta i Evje og Hornnes er sett opp denne veka. HL-Bygg frå Grimstad har gjort jobben.

Hytta har ei verkeleg fin plassering, ved Nygruva i gruveområdet på Flåt, med majestetisk utsikt nedover mot Evje og Otradalen.

Bommen på gruvevegen er flytta frå området ved Flatebygd skianlegg opp til sjølve gruva. Alle kan nå køyre heilt opp dit og parkere bilen på ny parkeringsplass der. Den korte vegen derfrå – frå Ringeriksbua – opp til dagsturhytta er rusta opp til god grusveg. Alle kan nå lett kome fram til hytta uansett om det er på beina, med rullestol eller på anna vis 👍

Thor Widar Wienenga har rydda i skogen i og rundt Nygruva. Det er blitt opent og fint rundt dei gamle gruveruinane 💝

Hytta er IKKJE offisielt opna endå. Byggherren Evje og Hornnes kommune vil kome med naudsynt informasjon etter kvart.

Men Evje og Hornnes har nå fått eit nytt og svært fint turmål, ja ein stor attraksjon, i det veldig spennande kulturminneområdet – og turområdet – rundt den gamle Flåt nikkelgruve!

Meir om dagsturhytta

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Dagsturhytta i Evje og Hornnes på plass!"