Berg i Valle, 11. oktober 2022. Foto: Geir Daasvatn

Ein song til Setesdal

Eg bur i Hornnes, og hadde lite kjennskap til Setesdal til eg var rundt 50 år. Men då begynte eg så smått med fotografering for å ha noko fint å gjere, etter at eg var blitt sjuk og ikkje kunne arbeide som vanleg lenger. Etter kvart drog eg litt nordover i dalen på nokre fototurar også. Sakte men sikkert blei eg meir og meir glad i Setesdal, liksom.

Lesarinnlegg. Innlegget er først publisert på Setesdalssida på Facebook, 12. okt. 2022.

Eg har ikkje slike kunstnarlege evner som så mange i dalen er velsigna med. Eg kan ikkje synge, dikte, spele instrument, kvede, køyre gravemaskin, sprenge fjell, lafte eller smi slik så mange av setesdølane er så gode til. Men eg drøymde om at eg ein – 1 – gong i livet skulle klare å lage eit bilde som kunne vere min «song» til Setesdal.

Etter 10–12 år dukka «songen» opp!

Setesdal
Berg i Valle, 11. oktober 2022. Foto: Geir Daasvatn

11. oktober 2022, etter kanskje 10–12 år med fototurar oppover og nedover i Setesdal, kom eg opp til Berg i Valle. Det var i skumringa, akkurat i den tida på døgeret lyset ofte er som finast for oss som fotograferer. Det var ein nydeleg haustkveld. Eg prøvde å huske på nokre av dei gode tipsa eg har lese i ulike fotobøker, om korleis ein kan lage eit bra bilde.

Formiddagen etter turen sat eg her heime i Hornnes og såg gjennom bilda. Scorpions sin «Always somewhere» var på høgaste lyd i høyretelefonane. Eg trur den mektige musikken, spesielt gitarsoloen, må ha fått hjernen i det lyriske hjørnet. For plutseleg kjente eg at eg mellom bilda hadde funne den eine «songen» – den eg har leita etter så lenge – min song til Setesdal 😁 

Du ser det nok ikkje på mobilen. Men om du ein gong tek deg bryet med å sjå bildet på PC-en din, håpar eg du skjøner kva eg meiner.

Meir om Setesdal

Del "Ein song til Setesdal"