Einang – Valle

Det går ei kjempefin turløype opp til toppen av segnomsuste Einang nord i Valle. Du må få teke turen før fjellet ramlar ned!

Eit gamalt segn fortel at om sju brør giftar seg med sju systre vil fjellet rase ned. Segnet finst også i fleire andre variantar, som du kan lese meir om m.a. på Setesdalswiki. Desse tinga kan jo fort skje, så denne turen er det ikkje lurt å vente for lenge med.

Turen opp går på grusveg om lag halve vegen, og etter det på sti. Det er nokre bratte parti undervegs. Men turen høver godt for heile familien.

Frå toppen er det fantastisk utsyn både nordover og sørover dalen. Dette synet er ikkje noko bilete kan vise like bra som i det verkelege livet. Du må oppleve det!

Tilbake går du same vegen som opp. Heile turen er 3,4 kilometer. Han tek om lag ein time.

Stykket held fram under biletet

Før du kjem opp til toppen, går du ein idyllisk tur gjennom skogen. Det er så fint! Foto: Geir Daasvatn

Vidare til Hommsfjødd

Det går også merka løype vidare ut på det enorme Hommsfjødd. Men formen min er ikkje lenger som i dei gode dagane på fotballbanen, så dét er alt for langt og tungt for meg å gi meg i kast med. Eg har såleis ikkje førstehands kjennskap til den ruta. I staden kan du lese meir om Hommsfjødd-løypa her.

Slik kjem du hit

Frå Valle sentrum køyrer du Riksveg 9 nordover mot Bykle. Når du passerer vegstasjonen, kort etter brua over Otra, kjem du til ein slak sving. Her går ein veg til høgre og ein til venstre. Du vil sjå turløypeskilta, startpunktet til løypa, rett i vegkanten på høgre side. Men du må parkere på venstre side (vestsida) av vegen.

Kjem du frå nord er det parkering på høgre side, omtrent fem minutt etter at du har passert Flateland Camping.

Frå vegen er det skilta og merka opp til Einang.

Kos deg på tur!

Kart over området

Kjelder

Sjå også

Du ser starten på løypa frå Riksveg 9. Foto: Geir Daasvatn

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Einang – Valle"