Størstedelen av løypa går gjennom eit idyllisk skogsterreng, på nydeleg mjukt underlag. Foto: Geir Daasvatn

Einerkilen – turløype med eiga tussemyr!

Einerkilen mellom Flatebygd og Gautestad i Evje er utgangspunktet for ei veldig idyllisk turløype. Går du heile løypa rundt, vil du bli minna på at tussar og troll framleis finst!

Det er to merka rundløyper, blå og raud. Sjå kartet nederst i stykket. Går du gjennom begge, blir det ein tur på 3,7 km. Den korte (blå) er 2 km.

Blå løype

Første delen av løypa, merka med blått, går opp og ned på fleire fine fjelltoppar. Her er mange flotte utsiktspunkt utover det idylliske landskapet rundt Storøygardsvatnet og Prestøygardsvatnet.

Utsikt over Storøygardsvatnet. Foto.
Eitt av fleire fine utsiktspunkt, Sundkjerrnuten, i den første delen av løypa. Foto: Geir Daasvatn

Det er litt bratt nokre stader, men der er det setta opp tau du kan gripe tak i og kome trygt opp eller ned. Bortsett frå dei korte og litt bratte stigningane, ligg løypa stort sett på nydeleg mjuk skogbotn. Stigen er oppgått og tydeleg å sjå heile vegen rundt, sjølv om du skulle miste merkinga av syne.

Raud løype

Etter at du har gått gjennom dette «alpelandskapet», kjem du meir ned i skogen igjen. Om du då held fram i den raude løypa, kjem du forbi både myrer og idylliske vatn.

Langs heile løypa er det med jamne mellomrom setta ut koselege sittebenkar, der du kan kvile deg litt og bare nyte den friske lufta. Nokre plassar finn du forseggjorte skilt med visdomsord å ta med på vegen.

Ja, og så «Tussemyra» då! Ho er eit kapittel for seg, som du må gå og sjå med eigne augo.

Stykket held fram under biletet

Opparbeidd på privat initiativ

Morten Skaiaa er den som har gjort alt arbeidet med løypa, har eg fått opplyst. Han har rydda og merka løypa, og setta ut benkar, bålpanner, skilt med fyndord, figurar og tussar og troll. Det er eit heilt utruleg fint og stort arbeid som er gjort!

Stykket held fram under biletet

På Sundkjerrknuten finn me eitt av mange døme på kor fint Morten har stelt løypa i stand for oss turgåarar. Foto: Geir Daasvatn

Løypa er altså heile vegen godt merka med blå og raude band. Frå startpunktet er det blå merking. Om du «bare» følger den blå merkinga, er rundturen ikkje så lang. Du kjem då heller ikkje forbi dei idylliske små tjønnene og «Tussemyra». Mot slutten av turen passerer du den gamle Ballfotgruva.

Om du inkluderer den raudmerka løypa i turen, får du ein fantastisk fin rundtur med all den idyllen – og den litt skumle myra der tussane er – som eg har nemnt ovanfor.

Løypa er grei å gå for barn, så ta gjerne ungane med på tur! Eit par stader er det bratte stup nær løypa. Der bør du sjølvsagt halde eit ekstra godt auge med dei minste.

10-Toppers

Eit poeng som gjer ein tur her ekstra attraktiv no, er at heile tre av toppane i Otra IL sitt populære turopplegg 10-Toppers i 2023 ligg langs løypa. Det er turmåla Sundkjerrnuten, Almefjell og Bråttjønn. Bråttjønn ligg langs den raude løypa. Det er ein ekstra god grunn til å ta heile rundturen!

Korleis kjem du dit

Frå Riksveg 9 ved Evje kyrkje tek du austover og oppover mot Gautestad. Du skal forbi Flatebygd. Eit lite stykke etter det skal du ta inn mot Einerkilen. Etter om lag 1 km, nær slutten av vegen, er det plass til å parkere bilen ved ein trafostasjon. Der er det også oppslag om turløypa og kart som viser dei ulike traseane.

Evje–Einerkilenområdet på Norgeskart.no

Rett i nærleiken

Fleire turar i Evje og Hornnes

Del "Einerkilen – turløype med eiga tussemyr!"