Ruinar etter Einerkilen urangruve i Evje 24. oktober 2022. Foto: Geir Daasvatn

Einerkilen urangruve i Evje

Einerkilen urangruve er ei nedlagd gruve på sørsida av Einerkilen i Prestøygardsvatnet mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes kommune. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til 1. juli 1951.

Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved Institutt for atomenergi på Kjeller.

Oppstart i 1948

I mai 1948 blei bergverksingeniør Kjell Amdahl tilsett med ansvar for drift og framdrift i prosjektet. Alt i juni var nær 20 mann i arbeid i Einerkilen. Først måtte ein bygge veg fram til gruva frå Fylkesveg 3782 (Gautestadvegen). Så vart jorda i området fjerna. Etter det kunne sjølve gruvedrifta ta til. Ein bratt slepesynk på 30 meter vart driven nedover mot det uranhaldige fjellet. Gruva blei mest 25 meter djup, og var i to etasjar.

Talet på tilsette ved gruveanlegget auka raskt, frå dei om lag 20 arbeidskarane i starten til opp mot 50 mann under den mest hektiske oppbyggingsperioden. Då sjølve drifta kom i gang, var det rundt 30 mann i arbeid ved gruva.

Ved juletider i 1950 blei det klart at råmalmen som så langt var teken ut av gruva hadde eit mykje lågare uraninnhald enn ein på førehand hadde rekna med. Kostnadene med å få ut den uranen ein trong vart for store. I juni 1951 blei det såleis bestemt at drifta skulle stanse frå 1. juli same året.

Det spanande og hektiske, men kortvarige gruveeventyret ved Einerkilen i Evje var slutt.

Kjelder

Del "Einerkilen urangruve i Evje"