Else Haugland. Foto: Øystein Moi

Else Haugland – Tøffaste jenta i dalen


Ho er mykje truleg den einaste jenta frå Moisund som nokon gong he vandra i fotefara åt sjølvaste Fridtjof Nansen.

Tekst/foto: Øystein Moi

Ho er garantert den einaste jenta frå Moisund som nokon gong he kryssa Grønlandsisen på ski. Else Haugland tek i mot bladfyken heime i kjøkkenkroken ein myrk og vindfull vinterkveld, få dagar før sjølvaste jolekvelden.
Eit par hundre meter unna den travle handlegata i Evje sentrum kor dei lokale kjøpmennene he ope omtrent heile døgeret på denne tida. Tilbod på både sylteflesk, knestrømper og jolemarsipan. Heime hjå Else finnast ikkje det minste teikn til jolestress. Sjølv den velfødde jolenissen inne i stova tykkjest å ha funne seg vel til rette i kvilestilling. Stabilt sideleie.

– Det var min gode ven Ada Sofie Austegard som ringde meg ein kveld og spurde om eg ville slå lag med ho sjølve – og Cecilie Skog på ein skitur øve Grønlandsisen. Dette vart starten på eit år kor eg på mange måtar levde i mi eiga egoistiske boble. Eit år med knallhard trening både på ski og på barmark. Eg sprang rundt i furuskogen på Evje, dragande på eit par tunge bildekk, for på best mogleg måte å vere førebudd på den tøffe oppgåva som
venta meg ute i isaudet.

– Det vart ein fantastisk tur. Eit minne for livet. 22 dagar på ski, slepande på ein pulk som vog 65 kg. Etter 4–5 dagar møtte eg veggen. Totalt utsliten – og med tårene rennande nedetter kjaken. Eg kjempa meg attende til livet. Meter for meter. Stavtak for stavtak. Du kan tru det var ei stolt og audmjuk jente som til slutt kunne spenne av seg skia på målstreken i Isotoq, den vesle fangstlandsbyen på austkysten av Grønland. Ein skitur på meir enn 600 kilometer.

– Veit du forresten kva eg tenkte mest på i dagane før avreise. Jau – eg hadde nærast mareritt med tanke på korleis eg skulle kome meg på do der ute på isflaka. Såg føre meg at det ikkje ville verte så himla enkelt å sitje i hockey-stilling, med ullbuksene i nedre posisjon, i kuling, i motvind – midt ute på Grønlandsisen. Det løyste seg til slutt. Cecilie Skog hadde som kjend vore på tur eit par gonger tidlegare – og ho synte seg å vere ein god læremeister. På fleire vis.

Else he heile sitt yrkesaktive liv vore tilsett innanfor bank- og finansnæringa. Sjølv om ho stundom he vorte henta til større og utfordrande oppgåver i storbyen, så he ho alltid vend attende til heimbygda når det nærmer seg leggjetid. Else trivast best på landbygda . Det er her ho høyrer til. På Evje – blant ein stor venekrins, og på jobb som banksjef i ein lokal sparebank. Det er her, i Svartevegen nr. 3, ho finn fred og ro i hugen. I hop med ektemannen Øyvind. Det er her dei samlar tankane, og det er her dei legg planar for nye eventyr. Både Else og Øyvind he vore gjennom tøffe sjukdomsperiodar. Den tida he dei lagt bak seg. Dei takkar livet – og dei takkar gode vener som heile tida he vore gode støttespelarar medan livsvegen brått vart både smal, kronglute og bratt.

Fredag den 6. januar 2017, starta dei båe to på eit nytt og spanande kapittel i livet sitt. Dette var dagen då dei øvetok eit innhaldsrikt nøkkelknippe, og ei tinglyst skjøte, som syner at dei no er nye eigarar av det tradisjonsrike Dølen Hotell på Evje. Else he sagt opp stillinga som banksjef – og Øyvind he sagt opp jobben som kokk hjå
fergeselskapet Color Line. Ei tøff avgjerd.

– Det eg vil, plar eg å få til, seier Else medan ho skjenker meir kaffe og fortel eit par saftige historier frå teltlivet langt der ute på Grønlandsisen. – Du kjenner Ada, seier ho medan me båe to ler så dei truleg kan høyre oss langt nede i handlegata. På Cubus.

– Ja eg plar få til det eg vil, og seier så visst ikkje dette for å skryte av meg sjølve. Men det er berre slik eg er skapt. Når eg he sett meg eit mål så gjeng eg inn for dette fullt og heilt. For nokre år sidan møtte eg på ein kar som tevla i ei idrottsgrein som han kalla Kettle Bell. Totalt ukjend for meg. Det heile dreier seg om å lyfte 20 kilo tunge jernkuler øve hovudet så mange gonger du klarer i løpet av ti minutt. Eg fann rimeleg raskt ut at dette var noke eg sjølve ville prøve. Det gjekk ikkje annleis enn at eg vart meir enn normalt hekta på denne idrotten. Uendeleg mange og knalltøffe timar med styrketrening byrja etter kvart å gjeve resultat. Eg sette meg jamnleg nye mål. Tøffe mål. Nokre år seinare stod eg på startstreken i verdsmeisterskapen i Kettle Bell. I Hamburg. I Tyskland. Eg lyfta jernkula 94 gonger øve hovudet. Ingen klarte 95. Er du det minste i tvil om at det var ei smilande jente som kom attende til heimbygda som nybakt verdsmeister – og med ei skinande gullmedalje kring halsen. Eg hadde sett meg eit mål – og etter ein tøff kamp så vart målet nådd.

Stykket held fram under biletet

Else Haugland. Portrettfoto.
Ser alltid framover mot nye mål! Foto: Øystein Moi

No he ho sett seg eit nytt mål. Eit felles mål i hop med kjærasten, kokken – og ektemannen Øyvind. Nybakte hotelldirektørar. Hotelleigarar. Hotellet skal på mange måtar totalrenoverast. I månadsskiftet februar/mars vonar dei å kunne stå i døra og take i mot sine sambygdinger til eit nyopna hotell. Eit hotell fullt av tradisjonar. Eit hotell som ber på mange gode minne for oss som i dag tilhøyrer dei siste attlevande tidsvitna frå forrige gullalder på Dølen Hotell.

– Planane er mange, seier Else. Me lyt sjølvsagt gå varsamt fram – og me vil byggje denne verksemda på vår eigen måte. Stein for stein. Eg kan likevel garantere at her vert det både romjulsdans, billjardturnering, god mat, god
atmosfære, levande musikk – og sjølvsagt held me fram med den populære sundagsbuffe’en som no er kjend øve heile Sørlandet. I sjølve restaurangen legg me opp til å kunne servere lokal – og stuttreist mat til både åremålsdagar, konfirmasjonar, bryllaup og kan hende til ein og annan barnedåp. Me vil satse på råvarer frå mange av våre lokale matprodusentar. Heimebaka flatbrød, smør frå Hodne, fersk aure frå Hestvåg, sauekjøt frå Valle og lettsalta rådyrkjøt frå Dåsvannsdalen. Det må vel vere dette dei skriflærde og sakkundige kallar sjølvaste Smaken av Setesdal.

– Mange klappar meg på skuldra og ynskjer meg lukke til med mitt nye prosjekt. Hotelldirektøren som alt no føler at ho he mange av sine sambygdinger med på laget.

– Eg trur dette vil verte ein samlingsplass, ei skjenkestove – og ein type restaurang som lenge he vore sakna på Evje. Eg skal i alle fall gjere mitt aller beste for at dette skal verte bra.

Else Haugland. Banksjef emeritus, verdsmeister i Kettle Bell, turkamerat til Ada SofieAustegard, tidlegare leiar i Evje & Hornnes Arbeiderparti – og nybakt hotelldirektør. Det ho vil – ja det fær ho til. Det går mot spanande tider på Dølen Hotell. Hotellet med røter attende til 1887 vil garantert få eit nytt og betre liv. Det heile skuldast det som truleg er den tøffaste jenta i heile dalen …

Stykket har tidlegare vore prenta i Fædrelandsvennen, og er med i Øystein Moi si bok Moi møter mennesker som kom ut i 2024. Boka er diverre utseld.

Del "Else Haugland – Tøffaste jenta i dalen"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.