Bygdekoret feirar 17. mai eit tidlegare år. Foto: Geir Daasvatn

Evje og Hornnes bygdekor med 40-årsjubileum!

Ein februarkveld i 1983 samla ein spent og songglad gjeng med bygdefolk seg på Hornnes gymnas til den aller første øvinga i Evje og Hornnes bygdekor.

Som tida flyg! Nå er det alt gått 40 år siden den storhendinga. Bygdekoret er framleis i full vigør. Alt ligg då til rette for ei heidundrandes jubileumsfeiring innan 2023 er omme.

Rita Flottorp var nettopp flytta til Evje i 1983, og var bare 19 år.

Rita gjer seg klar til ei av dei mange tilstelningane ho har vore med på i koret. Foto: Privat

– Eg var veldig glad i å synge. Me song og spelte mykje i heimen under oppveksten. Tordis Leifsen, som den gong arbeidde på lensmannskopntoret på Evje, kom og spurte om eg ikkje ville bli med i koret. Det hadde eg lyst til, så eg sa ja til den invitasjonen.

Kristen Bjorå var den aller første dirigenten. I dag er koret leia av dyktige Oxana Emmelkamp.

Rita fortel at ho innimellom nok har hatt nokre små pausar frå koret, når små barn eller andre oppgåver har krevd sitt. Men i dag er ho den einaste av alle som var med frå starten som framleis er aktiv i koret.

Gjennom alle desse 40 åra har Bygdekoret vore eit kjært innslag i bygdelivet for mange. Eg vil kome tilbake med meir om historia, etter kvart som jubileumsåret skrid framover og koret får nøsta litt meir opp i kva som er skjedd av smått og stort.

Nå vil eg bare nemne stikkord som julekonsertar i kyrkjene, vårkonsertar, kabaret med Evert Taube-songar då koret var 20 år, samarbeidsprosjekt med andre kor, songinnslag under 17. mai-feiringane, sprudlande songkveldar på Dølen Hotel saman med Kong Hanes eftf., «Allsang på grensa», storband-aften med Gjerstad Storband, Indre Ludefladen Jazzensemble, Iveland Hornorkester og eige husband, og så mykje, mykje meir. Mest kvar veke i 40 år, frå august til mai, har medlemene i koret treft kvarandre til øving og sosialt samver. Ofte forsterka med ei kake eller nybakte bollar. Mi eiga mor Herborg var dirigent i koret i nokre år. Eg hugsar endå litt om kor glad og smilande ho kom heim igjen frå desse øvingskveldane, som ho tykte var så verdifulle.

Bygdekoret har eigentleg aldri vore eit bygdekor bare for Evje & Hornnes. Det har vore medlemer frå Bygland, Åmli, Iveland og i dag fleire frå Åseral. Ein kosmopolitisk indre Agder-miks, kan me vel seie!

Jubileumsfeiring

Evje og Hornnes bygdekor. Foto.
Koret gledar seg til eit gøy jubileumsår! Foto: Geir Daasvatn

Eg spør Rita om koret har lagt store planar for jubileumsåret?

– Me er såvidt igang med å samle saman ein liten jubileumskomite. Me har ikkje møttest endå, og langt mindre bestemt noko konkret om kva me vil prøve å få til. Men det boblar av idear til kva me kan finne på. Så noko gøy blir det garantert!

Bygdekoret var sist med på den fantastiske Nyttårskonserten som Agder Symfoniorkester og Inger Lise Stulien stelte i stand i Evje kyrkje tidlegare i januar. Eg er temmeleg sikker på at koret kjem til å få eit verkeleg fint jubileumsår vidare også. Det blir gøy å følge med på det som skjer framover. Eg er viss på at både Bygdekoret og me bygdefolket har noko verkeleg stort å sjå fram til!

Del "Evje og Hornnes bygdekor med 40-årsjubileum!"