Else Haugland i Otra IL og Arnt Steven Ropstad i Evje og Hornnes Sparebank forseglar avtalen med eit handtrykk. Foto: Geir Daasvatn

Evje og Hornnes Sparebank og Otra IL forlengar samarbeidet

Evje og Hornnes Sparebank har forlenga hovudsponsoravtalen sin med Otra IL for tre nye år. Det over 40 år lange samarbeidet held fram.

For Evje og Hornnes Sparebank har no vore Otra IL sin hovudsponsor siden 1983!

Otra IL har 1.600 medlemer, og ei enorm breidde i tilbodet. Me er veldig glade for å bidra til arbeidet i det aktive idrettslaget. Svært mange av innbyggjarane i bygda er engasjerte i laget på eitt eller anna vis. Dei midla me legg ned i sponsoravtalen gjev difor store ringverknader. Det er vel investerte pengar.

Arnt Steven Ropstad, styreleiar i banken

Det betyr enormt mykje for oss i Otra IL å ha ein slik solid hovudsponsor i ryggen, over så mange år. Avtalen gjev oss ein økonomisk grunnmur, og gjev både forutsigbarheit og kontinuitet i drifta.

Else Haugland, styreleiar i Otra IL

Meir enn ein sponsoravtale

Tony Halsall, dagleg leiar i Otra IL, peikar på eit anna viktig poeng:

Det kjem svært mykje ut av samarbeidet, også utover sjølve idrettsaktiviteten. Banken har støtta bygginga av mange av dei flotte idrettsanlegga i bygda. Bare tenk på anlegg som til dømes Otrahallen, skiløypene, treningssenteret, friidrettsbanen på Hornnes, den nye motorcrossbanen på Kjetså, kunstgrasbanen og Trollbakken. Mykje av dette er kome i stand med god økonomisk hjelp frå banken og kommunen. Gode anlegg skapar auka aktivitet. Det gjev igjen positive ringverknader for folkehelsa og trivselen til bygdefolket.

Banksjef Knut Kjetil Møen sluttar seg entusiastisk til:

Me i banken er veldig takksame for det givande samarbeidet med Otra IL. Eg håpar og trur det nære samarbeidet kan halde fram i same gode ånd. Ikke bare i den tre-årsperioden som det no er skrive under for, men vidare mot 50-årsjubileet i 2033. Det kan me sjølvsagt ikke garantere her og no, nokre av partene. Men at me har det som ein liten draum i bakhovudet er sikkert!

Nøgde partar etter underskriving av ny tre-årsavtale: Tony Halsall (Otra IL), Knut Kjetil Møen (banken), Else Haugland (Otra IL) og Arnt Steven Ropstad (banken). Foto: Geir Daasvatn

Del "Evje og Hornnes Sparebank og Otra IL forlengar samarbeidet"