Alligatoren ved Sarvsjuvet 31. august 2024.

Fekk meg ein støkk i Bykle!

Eg blei så utruleg skremt av ein alligator då eg var i Bykle sist veke!

Det er ikke så ofte eg kjem meg heilt til Bykle. Bensinprisen er skyhøg, auka renteutgifter gjer store innhogg i privatøkonomien og straumprisen er framleis alt for høg. Men når eg først kjem meg avgarde, er det veldig moro i Bykle. Det er gilde folk å treffe, som til dømes Knut og Laila Rysstad, fjellandskapet har ein heilt annan stordom over seg enn det slake åslandskapet og furuskogane heime i Hornnes og ikkje minst er faunaen heilt ulik og mykje villare enn nedst i dalen.

Ante fred, slett ingen fare

Det siste fekk eg verkeleg oppleve på denne turen. Eg var ein rask tripp opp på den vesle runde fjelltoppen på vestsida av Sarvsdammen for å ta eit par bilete nedover mot damsleppet som var under Bykledagen. Det var ein aldeles nydeleg haustdag, passe varmt i sola og ikkje ei sky på himmelen. Eg kjende det rett og slett som om eg var i draumelandet!

Men kor lenge var eg der…

Brått blei eg vár ein alligator som også heldt seg her oppe på toppen. Eg stokk så eg mest tissa i buksa. Eg trudde dei skumle dyra heldt seg nede i Everglades i Florida og deromkring. Det må vere klimaendringane som har gjort det mogeleg for dei å sakte men sikkert utvide aksjonsradiusen til meir nordlege strøk.

Berga av pylselukta!

Eg har faktisk opplevd alligatorar før, både i Tjaldalsvatnet i Åseral og Dåsåna. Men då var dei langt unna, slik at eg i ro og mak kunne fotografere dei i vannskorpa. Denne alligatoren derimot var verkeleg skummel, altså! Men heldigvis stirra han (eller om det var ei ho) som besatt nedover til plattformen på andre sida av dammen, der pylsene surra på grillen og sendte ei himmelsk lukt opp på kollen der me sat. Heile 300 pylser blei det visst seld der nede i løpet av eit par timar, har Ole Birger skrive på nettsida til Bykle kommune, så det er ikke rart det lukta godt. Dermed ensa det fryktinngytande dyret ikkje meg, bare 20–30 meter unna.

Historia held fram under biletet

Det dufta så godt av pylsegrytene at alligatoren ikke ensa den vettskremte blåmannen! Takk og pris for at vindretninga førte lukta rette vegen…

Frykta alligatoren i ryggen!

Eg pakka samen fotoutstyret mitt i ein faderleg fart, og kraup så stille eg kunne bortover i tyttebærlyngen til eg var så langt unna at eg våga å skli meg raskt nedover fjellsida. Hjartet banka i 200, og kvart augneblink frykta eg å kjenne dei spisse alligatortennene i ryggen.

Det som berga meg var truleg at det var open brannstasjon på industriområdet på Sarv, og sirener som stadig ulte høgt, slik at alligatoren ikkje merka dei høglytte, gispande andedraga mine medan eg snubla og sklei meg nedover i lyngen til bilen. Eg kasta meg lynraskt inn i han, ein gamal Kia, og fekk på barnesikringslåsen i ein fei! Bilen er diverre i kondemnabel stand, men heldigvis virka iallfall låsane.

Roen kom tilbake under song- og forteljarstunda i kyrkja

Først fleire timar seinare, då eg eg kom meg inn i Bykle gamle kyrkje på forteljarstund med Helga Jacobsen, kom pulsen ned på nokonlunde normalt nivå igjen og eg kunne falle til ro.

Det blir lenge til eg vågar meg oppover i dalen igjen!

Dei røynde og jaktvande fjellfolka i Bykle er sikkert oppmerksomme på denne skumle «inntrengaren» dei har fått i faunaen sin, og sørger for at dei ikkje kjem så nær han at det blir farleg. Eventuelt at dei har med seg naudsynte våpen på tur. Men eg som er ein litt forsiktig blåmann frå utmannsbygda Hornnes, ja for meg var dette ei frykteleg skremmande oppleving.

Det går nok veldig lang tid før eg vågar meg oppover til Bykle igjen. Men eg vonar alligatoren trekk sørover att – til meir tempererte strøk – når vinteren og kulda snart set inn for fullt, slik at det er trygt å dra oppover igjen eingong når våren nærmar seg.

Del "Fekk meg ein støkk i Bykle!"