Sara Bjørndal (t.v.) og Line Risdal er dei to me treff i butikken framover. Portrettfoto.
Sara Bjørndal (t.v.) og Line Risdal er dei to me treff i butikken framover. Foto: Geir Daasvatn

Folkevandring til Strai Kjøkken på Evje!

Strai Kjøkken sin butikk på Evje opna med eit smell laurdag. Meir enn 300 spente personar ville innom og sjå nyskapinga på Verksmoen, like ved Riksveg 9.

Masse folk var på plass alt ein halvtime før den offisielle opninga. Det var kaldt å stå ute, så dagleg leiar Sara Bjørndal opna like godt dørene og slepte alle inn i varmen. Kvart over ti, 15 minutt etter den offisielle opninga skulle ha skjedd, var alle 70 goodiebagane levert ut! Det var rett og slett stufullt i butikken. Smultringkongen Vidar Madsen på Spisekroken måtte hive seg rundt og få tak i ei ekstra bløtkake, så fort gjekk bløtkakestykka unna.

Eg er ikkje nokon ekspert på korkje kjøkkeninnreiing, garderobeskåp eller baderomsmøblar. Men det eg såg var iallfall ein veldig stilig og forseggjort butikk med høg kvalitet på utstillingane. Alle dei eg talte med tykte lokala og utstillingane var verkeleg flotte.

Strai Kjøkken stilte sterkt

Sara Bjørndal er altså butikksjef. Ho har flytta tilbake til heimbygda Åseral i samband med den nye jobben. Med seg i butikken har ho Line Risdal. Denne travle opningsdagen hadde dei to hjelp av ein stor flokk frå hovudkontoret på Strai og dei andre butikkane på Sørlandet. Her kunne alle me som ynskte få rettleiing og svar på spørsmål om alt mogeleg me måtte lure på. Nokon funderte på kjøkkendesign, nokon avtalte nærare konsultasjon på eit seinare tidspunkt og nokon tok seg bare ein kikkerunde gjennom dei spennande utstillingane. Så var det sjølvsagt bløtkake og kaffi til alle som hadde lyst på det. Sjølv om trengselen var stor, gjekk praten lett og stemninga var lun og triveleg.

Strai Kjøkken frå 1929

Strai Kjøkken blei etablert i 1929. Firmaet er den største familieeigde kjøkkenprodusenten i Noreg. Hovudkvarteret og produksjonslokala er på Strai i Kristiansand. Dei har 15 butikkar over mest heile Sør-Noreg, men med ein konsentrasjon frå Kristiansand vestover til Lindesnes, austover til Arendal og no altså nordover til Evje. Familien Tobiassen i tredje og fjerde generasjon eig og styrer verksemda. Det er om lag 175 tilsette fordelt på administrasjon, produksjon og butikk.

Nettsida til Strai Kjøkken

Eit løft for heile regionen

Å få ein butikk på Evje som sel kjøkken, garderobeinnreiing og baderomsmøblar er eit fint supplement til det eksisterande tilbodet. Eit allsidig butikktilbod som gjer at me kan handle mest mogeleg lokalt er med på å sikre arbeidsplassar og skape bulyst. Evje som handels- og regionsenter blir styrka, alle me som bur i indre bygder får eit betre tilbod nærare der me bur og det er bra for heile Setesdal med eit så allsidig næringsliv som mogeleg.

Velkomen til Evje og Setesdal!

Ei av dei elegante utstillingane i butikken. Foto: Geir Daasvatn
Del "Folkevandring til Strai Kjøkken på Evje!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.