Hovden Gjenbruksbutikk feirar eitt år!

Hovden Gjenbruksbutikk feirar stort denne helga at butikken har vore i drift i eitt år. Det er 50 % på alt i butikken og på toppen av det heile nydeleg marsipankake frå Bykle Hotell! Jubileumsfeiringa held fram fredag 20. november kl. 13–18 og laurdag 21. november kl. 11–17. Måndag 23. november startar ei større omrokkering […]
Nye Europris Evje opna!

Barna i Babuschka barnehage fekk den store oppgåva med å klippe snora og opne Europris Evje i nye lokale på Verksmoen. Den oppgåva løyste dei på glimrande vis. Butikksjef Tonje Kirkholm Skauen sa nokre velvalde ord og takka alle som har vore med på å få i stand den nye butikken. Barna frå Babuschka barnehage […]
Nyopning på Fargerike Evje!

Fargerike Evje fekk nye eigarar og drivarar seint i haust. Denne helga feirar dei nyopninga med mange gode tilbod og sjokoladekake! Feiringa av nyopninga av Fargerike Evje held fram fredag 13. og laurdag 14. februar. Eg var litt nysgjerrig på kva denne «nyopninga» kunne vere for noko, og stakk innom butikken torsdag ettermiddag for ein […]
Folkevandring til Strai Kjøkken på Evje!

Strai Kjøkken sin butikk på Evje opna med eit smell laurdag. Meir enn 300 spente personar ville innom og sjå nyskapinga på Verksmoen, like ved Riksveg 9. Masse folk var på plass alt ein halvtime før den offisielle opninga. Det var kaldt å stå ute, så dagleg leiar Sara Bjørndal opna like godt dørene og […]
Knallstart for lokalmat i Grendi!

Det var mange nysgjerrige og spente kundar innom, og godt med sal, då «Lokalmat frå Setesdal» opna det nye utsalet sitt i Grendi torsdag. Facebooksida til «Lokalmat frå Setesdal» Honningprodusent Nina K. Vraa hadde gleda av å vere sjef i butikken den aller første dagen. Ho smilte som ei sol då eg traff henne litt […]