Glade frivillige feirar 1-årsdagen! Frå venstre Liv Hoslemo, Katrine Askedal, Siren Hodne, Cajsa Jacobsen, Stine Gulowsen (leiar Bykle Frivilligsentral) ig Randi Steinsholt. Foto
Glade frivillige feirar 1-årsdagen! Frå venstre Liv Hoslemo, Katrine Askedal, Siren Hodne, Cajsa Jacobsen, Stine Gulowsen (leiar Bykle Frivilligsentral) og Randi Steinsholt. Foto: Geir Daasvatn

Hovden Gjenbruksbutikk feirar eitt år!

Hovden Gjenbruksbutikk feirar stort denne helga at butikken har vore i drift i eitt år.

Det er 50 % på alt i butikken og på toppen av det heile nydeleg marsipankake frå Bykle Hotell! Jubileumsfeiringa held fram fredag 20. november kl. 13–18 og laurdag 21. november kl. 11–17.

Måndag 23. november startar ei større omrokkering av butikken til vintertøy og vintersportutstyr med meir. Alle dei frivillige som er engasjerte i drifta er inviterte til denne ryddedagen.

Eg fekk lov til å besøke butikken torsdag 19. november. Det strauma på med både kundar og dei som berre ville innom for ein hyggeleg prat og ein kaffikopp til marsipankaka.

Stykket held fram under biletet

Hovden Gjenbruksbutikk pynta til jubileumsfest! Foto: Geir Daasvatn

Etterspurd lenge

Det har vore spørsmål om ein gjenbruksbutikk i Bykle lenge. Det blei tidlegare arrangert ein byttedag eller to i året. Det var av ulike grunnar eit litt strevsamt opplegg. Det blei difor sett i gang eit «prøveprosjekt» med gjenbruksbutikk på Hovden i to månader. Det prosjektet overgjekk alle forventingar og bygdefolket sin dom etter dei to månadene var klar:

– De kan ikkje stoppe nå!

Med det var loddet kasta og drifta heldt fram i dei fine og praktiske lokala midt i Hovden sentrum.

Stine er primus motor!

Bykle Frivilligsentral og Bykle sokneråd er saman om å stelle i stand dette flotte tiltaket. Både Valle Sparebank og Agder fylkeskommune har ytt økonomisk stønad til oppstarten.

Om lag 25 frivillige deler på å vere i butikken og oppgåvene elles. Ei digital vaktliste der alle kan gå inn og sette seg opp på vakter gjer at det aldri er problem med å fylle opp med folk på opningsdagane. Fleire melder seg heile tida. Når eg lurer på kvifor så mange gjerne vil vere med, smiler Randi Steinsholt:

– Det er veldig sosialt og hyggeleg å treffast her og me får mange oppmuntrande tilbakemeldingar frå kundane!

Randi er med i «butikkrådet» som kjem med innspel og idear til drifta. Liv Hoslemo og Anja Holmeide er også med her. Det øvste administrative ansvaret har Stine Gulowsen, som er leiar for Bykle Frivilligsentral. Stine har stålkontroll på alt rundt butikken og gjer ein uvurderleg innsats, skjøner eg på dei andre damene. Heldige Bykle kommune som har fått den gilde jenta på løningslista – og til bygda.

Mest klede i butikken

Eg blei veldig overraska då eg kom inn i butikken og såg det veldig store og varierte utvalet av klede. Til «sjokklåge» prisar! Men det er mange andre spennande varer óg. Stålamper, lysestakar, brettspel, ja alt mellom himmel og jord eigentleg. Men lite eller ingenting av møblar og andre store varer. Det er det ikkje plass til endå, skjøner eg. I tillegg er det opent for private folk å selge varene og produkta sine.

Varene i butikken kjem frå private givarar. Givarviljen og -gleda er stor! Berre den lille stunda eg var der torsdag ettermiddag kom både hyttebyklarar og «innfødte» med ting dei ville donere til butikken.

Stykket held fram under biletet

Det var ikkje strikkekafé akkurat denne ettermiddagen. Men Grete Løyland og Gerd Fosse Hovden kom med strikketøyet og fekk sin fortente plass i sola! Foto: Geir Daasvatn

Sosial møteplass

Det strauma på med folk medan eg var innom. Dei var nok ikkje berre ute etter marsipankake, for dei gjekk ut igjen med hendene fulle av praktiske klede, skøyter og andre saker og ting. Dei aller fleste hadde tid til ein prat over ein kaffikopp eller varm kakao. Det var lett å sjå at butikken alt er blitt ein viktig og høgt verdsett møteplass. Her møtest hyttefolk og bygdefolk, born og vaksne, i eit sosialt og godt fellesskap. Her er det strikkekafé kvar torsdag og nokon gonger bingo. Eg trur personleg at slike møteplassar er umåteleg viktige for trivselen og kjensla av å høyre til hos oss menneske.

Grei økonomi

Som nemnt lenger oppe ytte både Valle Sparebank og Agder fylkeskommune økonomisk stønad ved oppstarten. Så er det veldig oppløftande at drifta alt no bèr seg økonomisk. Inntektene dekker både husleige og utgiftene til straum.

Opningstidene

Butikken er alltid open på desse dagane:

  • Torsdag kl. 13–18
  • Fredag kl. 13–18
  • Laurdag kl. 11–17

I tillegg utvidar butikken med fleire opningsdagar når det er ekstra travelt på Hovden, som til dømes i sommarferien. Slike utvidingar blir då annonserte på høvelege stader.

Lykke til vidare!

Du og du så glad eg er for at eg tok turen opp til Hovden i dag! Det er menneska som er den viktigaste ressursen i samfunnet og i dei små grendene våre her i Setesdal er kvar og ein ekstra viktig. Det var stort å møte alle desse gilde folka på Hovden og sjå og høyre om den store iveren dei har for å drive gjenbruksbutikken sin på ein god måte. Om dei kan klare å halde entusiasmen frå opningsåret oppe går butikken ei ljos framtid i møte. Kanskje blir han ei evigvarande «lykkepille» i Bykle? Eg håpar det!

Gratulerer med 1-årsjubileet og lykke til vidare!

Del "Hovden Gjenbruksbutikk feirar eitt år!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.