NIna Vraa frå Grendi hadde ansvaret for butikken på opningsdagen. Ho storkoste seg! Foto: Geir Daasvatn

Knallstart for lokalmat i Grendi!

Det var mange nysgjerrige og spente kundar innom, og godt med sal, då «Lokalmat frå Setesdal» opna det nye utsalet sitt i Grendi torsdag.

Facebooksida til «Lokalmat frå Setesdal»

Honningprodusent Nina K. Vraa hadde gleda av å vere sjef i butikken den aller første dagen. Ho smilte som ei sol då eg traff henne litt ut på kvelden:

Dette har vore veldig moro så langt! Mange har vore innom, og handelen er bra. Det er ikkje så mykje hyttetrafikk langs vegen i dag. Men svært mange lokale folk har handla og ønska oss lykke til. Det er tydeleg at initiativet blir sett pris på.

Rundt 15 lokale produsentar av ulike matvarer og bruksting har gått saman om det spennande prosjektet. Dei har leigd det gamle butikklokalet ved bensinpumpene i Grendi, rett ved Riksveg 9, og innreidd ein koseleg stad for å selge produkta sine. Oppgåva med å vere til stades i butikken og for kundane er det planen å dele på. Bygland kommune støtter tiltaket.

Førebels er det tale om ein prøveperiode. Utsalet er ope kvar torsdag og fredag fram til jol. Så skal det takast ei vurdering av vidare drift ut frå erfaringane i prøveperioden. Men då eg var innom hos Nina torsdag kveld, var ho temmeleg klar på at prosjektet er kome for å bli. Truleg vil drifta då bli formalisert ved at interessentane skipar eit eige selskap (DA) som skal stå for verksemda vidare.

Stykket held fram under biletet

Matauke eller julegåver? Du finn så mangt i det nye butikkutsalet i Grendi! Foto: Geir Daasvatn

Bygland kommune er ein aktiv støttespelar for prosjektet nå i oppstarten. Ass. kommunedirektør Aslak Brekke var sjølvsagt på plass då butikken opna. Han var full av lovord:

Dette er ei utruleg tøff satsing av dei som står bak. Det er eit viktig tiltak. Når lokale varer nå blir mykje lettare å få tak i, vil det utan tvil gjere innkjøp av lokal mat meir aktuelt for mange. Ei stor utfordring for dei lokale produsentane er ofte logistikken og distribusjonen av varene. Dette nye opplegget fjernar for ein stor del desse utfordringane. Det kan opplagt vere med på å gi satsinga på lokal mat og andre bruksting ein ny giv. Dette prosjektet heiar me verkeleg på!

Utsalet er så nytt, at skiltinga ved riksvegen enno ikkje heilt er som ho bør. Men det er ein liten detalj, som kanskje er fiksa alt til butikken opnar igjen no i dag fredag klokka 13! Etter kvart som utsalet kjem ordentleg i gang, er det tanken å få til litt vaffelsteiking og andre små «sosiale» tiltak. Det vil gjere det endå trivelegare å stikke innom nyvinninga. Ja, kanskje kan butikken rett og slett bli ein ny treffstad for både bygdefolk og vegfarande? Det er så mykje koselegare med lys i vindaugo og menneske i lokala enn mørke ruter.

Lykke til med drifta vidare!

Meir å sjå og oppleve i Grendi

Del "Knallstart for lokalmat i Grendi!"