Rita Flottorp nyt den flotte utsikten 10. juni 2018. Foto: Geir Daasvatn

Utsikten – Landeskogen

Utsikten er eit fint turmål ved Landeskogen i Grendi i Bygland.

Det er om lag 17 km å køyre frå Evje sentrum til Grendi. Frå Bygland sentrum rundt 20 km. Framme i Grendi kan du starte turen frå parkeringsplassen ved Årdal kyrkje.  Du følger vegen mot Landeskogen. Løypa er merka, og det er lett å finne fram.

Når du har gått vegen opp til og forbi Landeskogen, kjem du inn på sjølve turløypa i skogen. I 2011 leia Roald Rysstad eit svært dugnadsprosjekt, der 16 vanskelegstilte tyske ungdomar var med og rydda fire km med attgrodde stiar i området rundt Landeskogen. Mellom desse var stien mellom Landeskogen og Utsikten. Løypa er difor godt opparbeidd, og lett å gå utan synderleg stigning.

Vel framme på Utsikten blir du lønna med eit fantastisk fint utsyn ut over Byglandsfjorden. Du kan bare sette deg på benken der og nyte synet! Eit veldig fint alternativ er at du koser deg med nistepakka inne i den nye og flotte dagsturhytta som står litt bak sjølve utsiktspunktet.

Stykket held fram under biletet

Dagsturhytta då ho just var komen opp 25. oktober 2023. Foto: Geir Daasvatn

Du kan gå same vegen tilbake, eller følge ein annan merka sti slik at du får ein rundtur. Rundturen vil vere om lag to km lang. Om du går same vegen tilbake, blir turen litt lenger.

Utsikten har vore med i Otra ILs Ti Toppers. Løypa er også med i Reumatrimmen, turopplegget til Setesdal Revmatikerforening.

Stykket held fram under biletet

Koseleg på toppen. Utsikten utover fjorden ligg nokre meter lenger framme. Foto: Geir Daasvatn

Eit fint alternativ

I staden for å gå på asfalten frå parkeringsplassen ved kyrkja, kan du starte turen frå den gamle skulen i Grendi. Han ligg på veg mot Hovstad, men bare eit par hundre meter frå kyrkja. Rett aust for skulen og grendehuset renn Nordåni. Følg stigen som går på nordsida av elva gjennom skogen. Du kan følge stigen til du kjem til grusvegen eit lite stykke ovanfor Landeskogen. Gå nokre få meter tilbake mot Landeskogen, og du vil sjå skilta som syner veg vidare mot Utsikten. Nå er du inne i den blåmerka løypa som er vist på kartet til VisitSetesdal.

Ha ein fornøyeleg tur!

Kart over området

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Utsikten – Landeskogen"