Grimdalsvatnet 29. august 2022. Foto: Geir Daasvatn

Vatnedalsvegen – Grendi

Frå Grendi i Bygland kan du sykle eller køyre bil mange kilometer innover i Grendisheia. Ja, heilt til Åmli kjem du!

Vatnedalsvegen tek til frå Hovstad i Grendi. Det er ein bomveg der du betaler 130 kr (Vipps til 563948) for ein enkelttur med bil. Å sykle kostar ingenting.

Etter ei ganske bratt oppstiging flatar vegen ut, og du køyrer eller syklar vidare gjennom eit idyllisk heieterreng. Du kjem forbi små tjønner og større vatn, som Tjørnstølvatnet, Grimdalsvatnet, Arevatnet og til slutt Heddevatnet. Det manglar ikke på fine høve til ein frisk dukkert, om du treng ei lita nedkjøling ein varm sommardag. Rett aust for Grimdalsvatnet går kommunegrensa mellom Bygland og Åmli. Turen vidare er såleis i Åmli.

Det er veldig greitt å både køyre og sykle på den fine grusvegen.

Vatnedalsvegen er om lag 14 km lang. Han blei bygd i 1966–1968. Hunsfos Fabrikker bygde vegen og kjøpte tømmeret; over 30 000 kubikkmeter. Då tømmeret var drive ut, blei vegen levert over til skogeigarane som tok over eigarskapen og vedlikehaldet. Han blir drive av Vatnedalsvegen SA. I artikkelen om Vatnedalsvegen på Setesdalswiki kan du lese noko meir.

Stykket held fram under biletet

Vegen har fint underlag å både sykle og køyre på. Men det er sikkert lurt å ta det litt med ro i Bunnpannekleiva. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du hit

Grendi ligg om lag 4 km nord for Byglandsfjord langs Riksveg 9. Frå Bygland sentrum er avstanden rundt 19 km. Ved Årdal kyrkje tek du opp (austover) Hovstadvegen, og følger han ca. 1,5 km nesten til topps. Du ser då starten på Vatnedalsvegen, og det er ein grei parkeringsplass der du kan sette ned bilen.

Kart over området

Rett i nærleiken

Heddevatnet i Åmli 10. september 2016. Foto: Geir Daasvatn

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Vatnedalsvegen – Grendi"