Over ei djup kløft er vegen bygd opp med svære steinmurar. Foto: Geir Daasvatn

Gamlevegen Solheimsmoen–Hartevatn

Mellom Solheimsmoen og Hartevatn kan du følge spora etter ein gamal veg oppover mot Hovden i mange hundre meter. Det er ein nydeleg spasertur!

Ålmannavegen er ridevegen bygdefolket brukte mellom Bykle kyrkjebygd og Breive i eldre tider mykje kalla. Denne vegen gjekk på vestsida av Otra, om Hoslemo, Løyning, Ørnefjell og vidare nordover til Breive på vestsida av Hartevatn.

Køyreveg nordover frå Bykle kyrkjebygd

Det blei bygd køyreveg (for hest og kjerre) frå Bykle kyrkje nordover til Berdalsbru i fleire etappar i tidsromet 1904–1913. Då vart også ridevegen flytta over på austsida av Otra, heiter det i den glimrande boka om vegar og vegminne langs Riksveg 9 (2018). På Kulturminnesøk.no kan du lese meir om bakgrunnen for at vegen vart flytta over frå vestsida til austsida av elva.

Same staden er vegen skildra slik:

Halvannan meter brei veg som vart bygd som ei mellombels løysing frå Hoslemohylen til Hovdebru og med sideveg til Breive. Han vart grovt ferdig i 1905 og endeleg avlevert i 1915. Ein kunne ri og ein kunne sykle, men ikkje køyre denne vegen. Han var i bruk akkurat her fram til rundt 1930.

Kulturminnesok.no

Det finst bilete etter August Abrahamson frå rundt 1905 av denne gamle vegen på Solheimsmoen.

Frå Solheimsmoen er vegen grei å følge nordover til renseanlgget ved Hartevatn. Det er ein veldig idyllisk og spennande gåtur!

Korleis kjem du hit

Ved søre enden av Hartevatn er det avkøyrsle frå Riksveg 9 til renseanlegget. Rett etter at du har teke av frå riksvegen, ligg det ein svær plasthall på di venstre hand. Her er det god plass til å sette ned bilen, eller sykkelen om du tek deg ein liten sykkeltur sørover frå Hovden sentrum. Rett bak hallen tek ein greit synleg stig til. Herfrå kan du bare følge stigen sørover i terrenget.

Stykket held fram under biletet

Rett bak telthallen tek stigen til. Foto: Geir Daasvatn

Fleire stader er vegen bygd opp med store steinmurar. Over nokre litt blaute myrer er det lagt ut treplankar å gå på. Han munnar til slutt ut i ein hytteveg på Solheimsmoen, på vestsida av Riksveg 9.

Vegen er merka med stipla linje på kartet nedanfor. Eg vil tru at strekninga er bortimot 1 km lang.

Ha ein fortreffeleg tur!

Solheimsmoen–Hartevatn på Norgeskart.no

Sjå også

Over myrane på Solheimsmoen, nær Otra, kan du lett sjå kor vegen har gått. Foto: Geir Daasvatn

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Gamlevegen Solheimsmoen–Hartevatn"