Setesdal og setesdølar 2023. Faksimile av framsida.

Gjevt med Setesdal og setesdølar!

Setesdal og setesdølar, årsskriftet til Setesdal sogelag, er i handelen. 2023-utgåva er 9. årgangen, og – igjen – verkeleg fint lesestoff.

Årsskriftet følger same låma som tidlegare år, med nokre innleiande ord frå leiaren i sogelaget VIdar Toreid og redaktøren Torgeir Moseid. Torgeir gir seg nå som redaktør, etter å ha hatt ansvaret for dei fem siste utgåvene. Han nyttar høvet til å takke alle som har bidrege.

Vigdis Brattfjord har på nytt med eitt av dei enkle, men vakre dikta sine. Denne gongen «Kløveren», med dei fire blada som gjer barnehugen glad.

Sogevandringane

Eit anna fast innslag er turskildringane etter sogevandringane. Karin Bøe skriv om den spennande turen langs den gamle ålmannvegen mellom Valle og Hylestad gjennom Hylesdalen 18. juni 2022. Turen vart eit stort høgdepunkt, ikkje minst takka vere Gjermund Bø. Karin skriv:

Framsida.

– Det vart ein lang og svært interessant dag. For ei oppleving det er å høyre det Gjermund Bø har å fortelje. Det som er tatt med her, er berre ein brøkdel og på langt nær så godt fortalt som berre han kan. Tusen harteleg takk til Gjermund Bø og til alle som deltok og til alle positive tilbakemeldingar!

Den andre sogeturen var på og rundt Byglandsfjorden 13. august. På fjorden var med Bjoren, og rundt fjorden var med veteranbussen til Setesdal Bilruter. Igjen fortel Karin Bøe levande frå turen, og om alle dei stadane og menneska turdeltakarane var så heldige å få høyre meir om denne strålande seinsommardagen. Husmannsplassen Hagen på Lauvdal, eventyrslottet i skogen på Longerak, kopargruva på Hamre som Kjetil Bygland prøvde å drive og mykje meir. Begge desse artiklane er som lokalhistoriske foredrag på høgt plan.

Sanneleg fekk ikkje sogelaget i stand endå ei sogevandring i 2022. Ho gjekk langs ålmannvegen mellom Dalen og Hartevatn i Bykle laurdag 27. august. Her gir Karin Bøe oss som ikkje er kjende i området både ei grei forklaring på kor vegen gjekk i terrenget, og mykje spennande lokalhistorie på kjøpet. Det er mest så eg ikkje kan vente til snøen er smelta, så eg kan legge ut på tur her sjølv. Munnharpesmeden Folke Nesland har gjort mykje arbeid for å kartlegge vegen, som altså var ein rideveg mellom Kyrkjebygda og Fjellgardane før det kom køyreveg (kjerreveg) og seinare bilveg til Hovden.

Karin Bøe er elles ein svært flittig bidragsytar i denne utgåva av Setesdal og setesdølar. Ho oppsummerer Svein Hovden-festivalen 20. august på ypparleg vis.

Eit omvandrande lokalhistorisk leksikon!

Olav M. Holen er som eit omvandrande lokalhistorisk leksikon i øvre Setesdal. Han har med ein artikkel om denne spesielle kulturberaren, Svein Hovden, som var ein stor kunstnar men truleg ingen forretningsmann.

Så held Olav fram med soga om Neire Dysje, i Botnen inst ved Bossvatn i Bykle, der tilværet beint fram var på liv og død.

– Ein skal ikke så langt attende i tid før døden var ein vanleg gjest i kvar heim, serleg hjå dei som hadde lite å leve av, som dei fleste i Øvre Setesdal hadde, skriv han.

Så følger historia om slekta på Neire Dysje frå 1816 til mor og dotter drukna på Bossvatn i 1910. I den heimen var døden ein spesielt vanleg gjest. Det er trist å lese. Men samstundes kan eg kjenne på ei stor ærefrykt og respekt for alle desse menneska som sleit seg gjennom livet, og nokon gonger måtte gje tapt så alt for tidleg.

Olav M. Holen avsluttar «trilogien» sin med eit utval helsingar skrive i ei minnebok på 1940-talet, til ei kvinne fødd i 1911. Olav seier om dette:

– Dette er interessant å lese fordi ein gjennom desse minnerdi fær eit godt tidsbilete av krigsgenerasjonen, deira tankar og draumar.

Han kallar stykket ein upresentiøs analyse av minneboka. Eg vil føye til: EIn svært interessant analyse!

Traktoren til Svein Kleivane gjennom isen på Reiårsvatn

Svein Kleivane har med to små stykke.

Svein Kleivane på Bjoren, 2019. Foto: Geir Daasvatn

Det eine er om hesten som kom heim til Austad sokn etter ein strabasiøs rundtur Setesdal vesthei–opp Sirdalen–ned Sirdalen til Tonstad–båt over Sirdalsvatnet til Sira–tog til Flekkefjord–kystruta til Kristiansand–Setesdalsbanen til Byglandsfjord–dampbåt eller til fots langs heile Byglandsfjorden–endeleg heime!

Så er det historia om då Svein arbeidde som skogsentreprenør på 1970-talet. På Reiårsvatn i heia oppforbi Ose gjekk det gale. Svein svinga seg i ungdomeleg overmot utforbi den gode slepa dei hadde på isen, og isen brast.

– I dag, over 40 år seinare, kan eg enno minnast kva eg tenkte i den augneblinken isen brast: «Stakkars Gunbjørg, no blir ho aleine med dei tre gutane me hadde då». Eg har mange gonger takka min Skapar for livet. Og eg gjorde det i alle fall då.

Perler frå Byglandsfjord

Knut E. Ljosland skriv svært detaljert og informativt om Breili Cementstøperi på Byglandsfjord. Ola Aa. Breili (f. 1884, d. 1964) sette mellom anna opp Abusdalbygget («Slottet»), det gule «signaturbygget» som me framleis kan beundre mellom COOP Extra og Breidablikk. Det er stor historieskriving.

Eit høgdepunkt i bladet kjem heilt til slutt: Dagmar Terese Roald (jentenamn Abusdal, fødd i 1902, dotter av tannlege Ambrosius Abusdal) erindrar frå barne- og ungdomsåra 1905–1926 som for det meste var på Byglandsfjord. Erindringane er skrive ned i 1981, då ho altså nærma seg 80 år. Hennar klokkeklare hugs blir forsterka av dei mange spennande historiske bileta i stykket.

Me vil ha meir om Setesdal og setesdølar!

Eg har i andre samanhengar fortald at eg for 10–15 år sidan omtrent ikkje visste meir om Setesdal enn det eg såg frå bilvindaugo når eg suste forbi på Riksveg 9. I dag veit eg noko meir. Og kvart einaste år auker kunnskapen endå litt, når Setesdal og setesdølar kjem i postkassa.

Utgåva i år har litt færre tekstsider enn tidlegare, trur eg. Men artiklane er framifrå, frå dei stutte historiane til Svein Kleivane til dei omfattande lokalhistoriske perlene frå Byglandsfjord. Måtte det lukkast for det nye styret i Setesdal sogelag å finne ein ny redaktør for årsskriftet etter avtroppande Torgeir «Wirkola» Moseid. For slik lesing vil eg, og truleg mange, mange fleire, gjerne oppleve mykje meir av!

Del "Gjevt med Setesdal og setesdølar!"