Gravfeltet på Træletveit 17. oktober 2024. Me ser røys nr. 1. Foto: Geir Daasvatn

Gravfelt avdekka i hogst- område på Træletveit!

I eit hogstfelt på Træletveit i Åraksbø er det avdekka eit gravfelt med sju gravhaugar. Gravfeltet er registrert som eit nytt automatisk freda kulturminne.

AT Skog hadde ei skogsdrift på Træletveit i Åraksbø i haust. Staden ligg om lag to kilometer nord-aust for bygda. Pål Moi køyrde hogstmaskinen.

Under arbeidet blei dei merksame på nokre gravhaugar. Arne Eiken i AT Skog meldte då frå til kulturminnemyndigheitene, Agder fylkeskommune, om dei mogelege uregistrerte kulturminna.

Agder fylkeskommune sendte Gjermund Christensen og Emma Norbakk ut på ei arkeologisk befaring i hogstområdet. Befaringa fann stad 10. oktober 2024.

AT Skog sine folk var påpasselege med å ikkje køyre over dei gravhaugane dei hadde sett. Haugane var difor urørte og intakte. Dei mogelege gravminna blei raskt stadfesta som gravrøyser. I tillegg blei fleire andre gravrøyser påvist.

Nytt automatisk freda kulturminne

Befaringa gav som resultat at eit nytt automatisk freda kulturminne er registrert, gravfelt (førebels utan namn) med ID 317686.

Det er registrert sju røyser i feltet. Tre av dei er ifølge fagfolka i fylkeskommunen svært tydelege og klart definerte. Dei andre fire er noko mindre, og ikkje like openbare.

Gravfeltet ligg alt inne på Kulturminnesok.no. Klikk på lenka så får du opp kart som syner nøyaktig kor det er.

Træletveit er ein gamal gard

Træletveit skal ha vore eigen gard i mellomalderen. Han blei truleg lagt øyde etter nedgangstida etter Svartedauden. Seinare blei området støyl for gardar nede i bygda. I den gamle gards- og ættesoga for Bygland skriv Reidar Bolling om gravhaugar på Træletveit. Fleire av haugane har også vore grave i. Dei har såleis vore kjende i Åraksbø. Men først no er dei altså registrerte på formelt vis hos kulturminne- myndigheitene.

Eg kjem tilbake seinare med meir om det «nyoppdaga» gravfeltet. Først lyt eg lese meg grundig opp på dette! Takk til Pål Moi for informasjon om saka.

Kjelder

  • Arkeologisk befaringsnotat, Træletveit, Åraksbø Gnr. 31 – Bygland kommune, rapport ved Emma Norbakk, Agder fylkeskommune, 2024
  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, utgjeve av Bygland kommune, omtale av Træletveit fleire stader i bind IV (2006) og bind V (2008)

Del "Gravfelt avdekka i hogst- område på Træletveit!"