Bodil Fisher Breidablik og John Skjørestad 29. november 2024. Foto: Geir Daasvatn

Happy Hundesenter – draumen blei oppfylt!

Bodil Fischer Breidablik og John Skjørestad hadde ein draum om å skape eit unikt hundesenter i Norge. Det har dei verkeleg fått til! I august kan du følge dei i fleire episodar av «Fra bølle til bestevenn» på NRK TV.

Happy Hundesenter ligg på Tønnesland sør-vest i Evje og Hornnes, på veg vestover frå Riksveg 9 mot Abusland og Abusdal.

Draumen om eit hundesenter

Det unge sambuarparet drøymde i mange år om å skape sitt eige hundesenter. Dei hadde jobba mykje med søk og lydigheit på eigne hundar. På fritida var dei sterkt engasjerte i Norske Redningshunder, der begge var hundeførarar. John hadde også vore instruktør der i ei årrekke. Bodil hadde fleire andre instruktørtitlar. Dei hadde gjennomført eitt-årig hundeutdannelse ved Fjellanger Hundesenter i Bergen, og Bodil hadde arbeidd der.

Les meir om Bodil og John på heimesida deiras.

Den ideelle staden dukka opp på FINN.no!

Ved eit søk etter eigedomar til sals på FINN.no, dukket den store moglegheiten opp! På Tønnesland var eit idyllisk lite småbruk til sals. Bodil og John såg med ein gang at her kunne draumen om det heilt unike hundesenteret bli realisert. Dei kasta seg rundt, kjøpte eigedomen av Torgny Monan og overtok staden i mai 2017.

Stykket held fram under biletet

Dei fann draumeplassen på FINN.no! Foto: Geir Daasvatn

Korleis gjekk det med draumen?

Eg var på besøk hos Bodil og John eit par gonger straks etter at dei var kome i gang med å utvikle hundesenteret sitt. Det var i mars 2019 og desember 2019. I dei to sakene kan du lese mykje spennande om oppstartinga av verksemda.

No fleire år seinare fekk eg lyst til å finne ut litt om korleis det hadde gått med draumen deiras. Eg tok meg ein ny tur opp til Tønnesland for å sjekke det ut.

Nydelege uteområde og stor innandørshall

To strålande blide unge stå-på-menneske møtte meg. Det var stor aktivitet på senteret, med agility-kurs med deltakarar frå Bergen, Rogaland og Austlandet, og innleigd profesjonell instruktør. Dei har to slike litt større kurs om sommaren, på 3–4 dagar kvar. Det er sett i stand eit nydeleg utandørs parkområde, der agility-kursa gjerne er. Men akkurat då eg var innom hadde det styrtregna i fleire dagar. Underlaget høvde ikke så godt til den slags trening, der hundane spring og hoppar lynraskt rundt i ei løype. Aktiviteten var i staden flytta inn i den svære hallen som er bygd på området. Her er det kunstgras og ideelle tilhøve for hundane.

Stykket held fram under biletet

Happyhallen. Foto: Geir Daasvatn

Hallen er ein «kaldhall», men med noko oppvarming. Han er til enorm nytte for verksemda. Han er alt fullbooka for vinteren 2024/2025, av både klubbar og privatpersonar som vil trene hundane sine. Det er rett og slett venteliste for å få plass her i vintermånadane. Om sommaren er det mindre aktivitet. Då er det gjerne trivelegare å vere ute. Hallen fungerer i staden som ei perfekt reserveløysing. Alt-i-alt driftar den svære millioninvesteringa seg betre enn planlagt. Bygget er blitt eit uvurderleg anlegg for å sikre ei berekraftig økonomisk drift av hundesenteret.

«Alt» på same staden

Det som etter det eg skjøner er heilt unikt med Happy Hundesenter, er at kursdeltakarane og hundane deiras kan få dekka alle behov på same eigedomen. Det er bygd opp fire små hytter, kvar med fire soveplassar, som deltakarane kan leige til overnatting. Tre nye glampingtelt med høg standard er sett opp for dei som gjerne vil bu heilt for seg sjølv. Her finst også moglegheit for å kople campingvogn og bubil til straum. Det er eige sanitærbygg på anlegget, med toalett og dusj med meir. I den restaurerte låven er det spisesal og rom for sosialt samvær. Urd Løining på Evje (Urds Kjøkken) leverer middagsmat til dei som ynsker det. Det er ein kjøkkenkrok i låven for dei som vil stelle i stand mat sjølv. Treningsanlegga – utandørsbanen og hallen – er som alt nemnt av topp klasse. Ja, det manglar i grunnen ingen ting.

Stykket held fram under biletet

Det praktiske sanitærbygget med dusj, toalett og tørkerom. I andre enden er det ein liten hybel som innleigde instruktørar og andre kan bu i medan dei er på besøk. Foto: Geir Daasvatn

Korleis får dei tid til alt?

Frå den spede oppstarten i 2017 til i dag har Bodil og John lagt ned ein vanvittig eigeninnsats for å få hundesenteret opp å stå. No er drifta på veg over i ei noko meir stabil fase, skjøner eg. John fortel:

Kursa er som oftast på ettermiddags- og kveldstid, eller i helgene. På dagtid trenar me våre eigne hundar og tek oss ellers av alle dei små og store oppgåvene som må gjerast for å få hjula til å gå rundt. Plenane må klyppast, det er alltid noko som må snikrast her og der og gjerder skal settast opp eller bli reparerte. Hyttene og felleslokala treng vask, nettsida og Facebooksida må følgast opp litt og det går mykje tid med til å ta imot bestillingar og halde kontakt med hundeeigarane. Ja, det er nok å finne på!

Han held fram:

På sikt håpar me å kunne skape eit økonomisk grunnlag for å tilsette ein eller fleire personar i verksemda, i tillegg til oss sjølve. Me har von om at me skal kunne ha tilsette som tek seg av slike ting som gartnerarbeid, reinhald og andre naudsynte oppgåver. No gjer me stort sett alt dette sjølv, og det tek mykje tid. Om me kunne få inn litt hjelp, kunne me konsentrere oss meir om det me har mest kunnskap om, som å vidareutvikle kurstilbodet og oppfølging av den enkelte hundeeigaren og hunden.

Tankar om framtida

Bodil og John er nøgde med det dei har bygd opp. Det vil gå mindre tid til å «mure og snekre» i åra som kjem. Men heilt utan tankar om utviding er dei ikkje. Det ligg kanskje i «gründer-blodet»? Eit lite tilbygg til den svære kaldhallen, ei varmestoge, ser dei for seg kan bli aktuelt. Overnattingstilbodet kan det nok også kome på tale å utvikle noko vidare, sjølv om det er meir på tankestadiet enn på teiknebordet førebels. Nok å finne på vil dei uansett alltid ha!

Store, lokale ringverknader

«Når det regner på presten, dryp det på klokkaren», heiter det i ordtaket. Då NRK var på besøk for å filme til «Fra bølle til bestevenn» i fjor, fylte dei opp sengene på Dølen Hotel. Lokale leverandørar av byggvarer har blitt gode kundar. Dei fire hyttene kom frå Rysstad Laftebygg. Daniel Tickner sitt maskinfirma og andre har gjort grunnarbeid på eigedomen, og Bademiljø Ragnar Aas har også utført arbeid på staden. Urd Løyning har levert mat til verksemda i fleire år. Dette er bare nokre døme mellom mange på korleis det gir store ringverknader når ein ny bedrift blir etablert i Setesdal.

Stykket held fram under biletet

Rysstad Laftebygg leverer hytter til Happy Hundesenter i mars 2019. Foto: Geir Daasvatn

Lykke til!

Det er veldig viktig at unge menneske tør å satse på ei framtid i dalen, og at dei lykkast med det dei satsar på. Bodil og John på Happy Hundesenter er to positive og innsatsvillige menneske som det er ei stor glede og rikdom å ha fått til bygda og dalen vår. Gleda går begge vegar, skjøner eg. Dei to lovprisar samarbeidet med lokale verksemder og butikkar, kommunen og Setesdal Regionråd, gode naboar og menneska dei møter i bygdemiljøet.

Nå når dei største investeringane er gjort, vonar dei å kome over på litt meir «normal» drift. Litt kortare arbeidsdagar, og kanske litt tid til å gjere noko anna innimellom.

Me trivst her. Me ser for oss å bli på Tønnesland lenge, forsikrar dei begge med eit stort smil når eg må seie takk for meg og dra på heimveg.

Takk for at eg fekk lov til å stikke innom for ein liten prat. Lykke til med verksemda vidare!

Del "Happy Hundesenter – draumen blei oppfylt!"