Jol i Setesdal 2026, framsideillustrasjon av Mona Ida Håvorstad Frøysnes.
Jol i Setesdal 2026, framsideillustrasjon av Mona Ida Håvorstad Frøysnes.

Jol i Setesdal 2026 er i handelen!

Jol i Setesdal 2026 er eit svært innhaldsrikt og vakkert eksemplar av det tradisjonsrike bladet som har ei historie som strekk seg heilt tilbake til 1962.

Ja, eg vil gå så langt som til å seie – for min del – at å sitte i sofaen heime og bla og lese i bladet er mest som å halde eit kunstverk i handa.

På Facebooksida til Jol i Setesdal og andre stader vil det veldig snart kome informasjon om alle utsalgsstadene og anna naudsynt informasjon. Prisen i år er 150 kr.
Jol i Setesdal blir gjeve ut av Mållaga i Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle.

Landskappleiken på Hovden

Landskappleiken på Hovden i juni 2026 har fått sin eigen seksjon. Då kom Landskappleiken for aller fyrste gong til Setesdal. Kari Stulien Robstad skriv om den storslegne opningskonserten, Livi e på så mang ein måti, som på eit eineståande vis synte fram den levande kulturarven i dalen vår. Kari har og på prent eit mykje interessant inytervju med meisterspelemannen Vidar Lande. Vidar set folkemusikken og -dansen i Setesdal i dag inn i ein større samanheng.

Sigrid Kjetilsdotter Jore var regissør for opningskonserten som begeistra så mange. Oppdraget ho fekk var å lage ein mønstringskonsert som synte fram breidda i folkemusikken i Setesdal. I 2026-utgåva av Jol i Setesdal helsar ho til oss alle og skriv om korleis ho tok fatt på den store oppgåva. Ho fortel om vanskelege val og høge ambisjonar. Då alt var over sat ho att med gode kjensler. Men òg noko abstinensar!

Eg sjølv, Geir, har med eit stykke med ei slags oppsummering av det eg opplevde under dei fem dagane på Hovden.

Variert innhald!

Jon Rike skriv om Drengson-Rike-slekta i Amerika. Det er ei stor etterslekt etter Dreng Olsson Rike (1809–1882) i både USA og Canada. Frå Iveland får me lese evemntyret om Ferlomfinn, den einaste sonen til ei fattig kone. Mona Ida Håvorstad Frøysnes har illustrert eventyret.

Øystein Moi skriv eit fint stykke om dugnadsgeneralen Odd Harald Robstad (81) som har stått i bresjen for så mange av dei fine idrettsanlegga i Evje og Hornnes og mykje anna. No manglar berre ein innandørs skeisehall!

Arne T. Aabø bidreg med det nydelege diktet Siste sumaren. Siste vers lyder slik:

Fire månader seinare
sat mor i godstolen sin
og kvilde etter middagen.
Ho bruka å gjere det.
Slik gjekk ho ut av tidi
utan ord til farvel
men med tusen gode minne
etter seg.

Saman med ein vakker illustrasjon av Mona Ida Håvorstad Frøysnes gjer diktet eit sterkt inntrykk. Det er enkelt, rørande og uendeleg vakkert.

Me får historia om jordmora (nærkona) Ingjerd Haugebirke (1860–1938), som var den fyrste kvinna i Valle til å få Kongens Fortenstmedalje. Guro Nordli Solbakk har skrive ned den fine og viktige soga.

Me får meir enn eventyr frå Iveland i bladet! Olav Nilsen skriv jordnært om gardsdrifta på Skisland i gamle dagar. Skisland ligg på austsida av Otra, tvers overfor Røyknes, som høyrer heime i Vennesla.

Eit gamalt stykke om Håheller i gamal og ny tid, skrive av sirdølen Lars T. Solskard (1906–1976), er henta fram igjen. Det er svært interessant lesestoff om denne viktige staden på heia mellom Sirdal og Setesdal.

Oddbjørn Aardalen minnest tilbake

Oddbjørn Aardalen var heradsskogmeister i Setesdal (Bygland, Valle og Bykle) frå 1978 til 1987. Han og kona Kari heldt til i Prestlii i Bygland kyrkjebygd. Oddbjørn skildrar det faglege arbeidet på spennande vis. Men særleg interessant er det med skildringane hans av setesdølane som menneske, med tanke på både lynne og veremåte. Oddbjørn er også bergteken av den vakre naturen i dalen. Så veit me alle at han er ein stor poet:

Eg lagrar spora ein lun stad i sinnet: tenkjer: Dette er fint å ta fram når kvardagen er utfordrande og kjedeleg, når lengten etter den flotte tida i Setesdal smyg seg innpå.

Tre syskin. Ei soge om svik og urett

Olav M. Holen skriv til slutt i bladet om tre syskjen av sameslekt som budde på Jeiskeli i Bykle kortare eller lengre tid. Dei var Anton Andersen (f. 1844), Ole Johan Andersen (f. 1858) og Siri Anna Andersen. Han fortel at beste informanten hans om samane i Bykle heile tida har vore Håkon Breive, og skriv:

Det er godt at det hev vore slike folk som Håkon Breive som kunne fortelje om desse slektene som allstødt sat nedst ved bordet, som vart utnytta og diskriminera både av sine eigne og av storsamfunnet, men som prøva å finne sin plass i eit hardt og urettferdig samfunn.

Det er også godt at det er slike fortellarar som Olav M. Holen, som forskar vidare på desse historiane og får ned på papiret det som elles truleg med tid og stunder ville ha gått i gløymeboka hos dei fleste av oss. Eit arbeid av uvurderleg stor verdi!

Andakt, vakre illustrasjonar, fine bilete, kryssord og annonsar

Den årevisse andakten er sjølvsagt med. Han står på s. 2 og er skrive av Fredrik Netland. Mona Ida Håvorstad Frøysnes har laga framsidebiletet I det stille. Stykka i bladet er illustrerte med interessante historiske foto og mange nyare bilete. Kryssord laga av Einar Søreide står på s. 57 og til sist i bladet kjem alle dei artige annonsane, dei fleste i stevform. Bladet er trykt med vakre fargar på glansa papir.

I innleiinga var eg inne på at det å bla og lese i bladet er mest som å halde eit kunstverk i handa. Etter å ha skrive stykket her, og sett meg litt meir inn i innhaldet, er konklusjonen forsterka: Bladet ER eit kunstverk!


Del "Jol i Setesdal 2026 er i handelen!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.