De tre late herremenn sittende på benken. Foto.
«De tre late herremenn» var gjennomgangstemaet i teaterstykket på Evjemoen onsdag kveld 29. april 2026. Foto: Geir Daasvatn

Jubel for «De tre late herremenn»!

Barna i teatergruppa på Kulturskulen for Bygland, Evje og Hornnes imponerte alle då dei framførte teaterstykket «De tre late herremenn» på Evjemoen Kino & Scene onsdag kveld.

Stykket bygger på eit eventyr i boka «Samlede eventyr» av Gert Nygårdshaug. Teaterlærar i Kulturskulen Olav Grendstad kom borti stykket alt i 2011 med ei barneteatergruppe han hadde i Kristiansand. Olav tok til som lærar ved Kulturskulen hausten 2025. Då tykte han dette var eit enkelt og kort stykke å bruke, med mykje romt for spel og fakter. Det var også lett å skrive inn nokre nye roller når det var trong for det.

Elevane får spele teater litt som dei sjølv vil og dei kan velge mest fritt frå det rike kostymelageret som er på kinoen.

– Det er ikkje alltid like lett å vite kva skodespelarane har på seg når dei kjem inn på scenen. Men det viktigaste har vore å ha det gøy og å underhalde kvarandre og publikum, smilte ein nøgd instruktør Olav etter at teppet var gått ned.

Fargerikt og sprudlande! Foto: Geir Daasvatn

Sprudla av initiativ og speleglede!

Eg var oppteken med å fotografere og fekk ikkje heilt med meg alt innhaldet i stykket. Men eg såg dess meir! Her var det ein enorm speleglede som smitta rett over på alle oss i det talrike publikummet. Den eine fornøgelege scenen etter den andre dukka opp på podiet i lynrask rekkefølgje. Det var som ei «lærebok» i effektivt og underhaldande teater. Replikkane smalt utover oss som perler på ei snor og mimikken var fantastisk. Då det lynraske stykket var slutt og heile ensemblet storma ut på scenen møtte dei ei veldig jubel frå det imponerte publikummet. Gledeleg mange foreldre, syskjen, besteforeldre og andre teaterinteresserte hadde funne vegen til forestillinga og det sette nok barna stor pris på.

Meistring og glede

Å kjenne på meistring og indre glede – og å få litt anerkjenning for den ein er – er utruleg viktig i livet. Eg trur dei ti elevane som spelte i stykket fekk kjenne på ein stor dose meistring og glede denne fabelaktige teaterkvelden på Evjemoen Kino & Scene. Dei ti var: Anna, Clara, Nora, Olea, Signe Marie, Jacob, Mia, Kira, Leonora og Lisa Marie.

Eg håpar iallfall at dei gjekk av scenen og heim med ei verkeleg god, indre kjensle av å ha fått til noko fint og stort saman.

Bak scenen og i kafeen var Lill Carine B. Naper og Sissel Holtan gode støttespelarar. Avdelingsleiar for Kulturskulen, Anette Moe-Kittelsen, var sjølvsagt på plass. Det var truleg ein veldig stolt kulturleiar som kom heim frå jobb denne kvelden.

Klikk på bileta for forstørring

Del "Jubel for «De tre late herremenn»!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.