Olav Grendstad i fri dressur under fylkesgrensefestivalen på Stoga, Bygland, 29. april 2023. Foto: Geir Daasvatn

Ellevilt om fylkesgrensa!

Olav Grendstad saman med kompanjong Åsmund Åmdal synte fram ein ellevill, humoristisk og til tider tankevekkande lynfestival om fylkesgrensa mellom Aust- og Vest-Agder på Stoga i Bygland laurdag kveld.

I åra 2006–2012 gjennomførte Olav saman med Åsmund ein fylkesgrenseekspedisjon. Dei fysisk gjekk, klatra, padla og skræva på den ca 300 kilometer lange fylkesgrensa mellom Aust- og Vest-Agder. Prosjektet starta i 2006 ved at Olav gjekk etappar saman med forskjellige folk, og nokre gonger åleine. Frå 2008 var Åsmund fast kompanjong. Siste etappe blei fullført i mai 2012. På dette viset dokumenterte ekspedisjonen fylkesgrensa for ettertida ved hjelp av tekst, lyd og bilete.  

Stykket held fram under biletet

Åsmund Åmdal på Stoga 29. april 2023. Foto: Geir Daasvatn

Me gav oss ende over!

På Stoga såg me først bilete og kortfilm frå ekspedisjonen, og ei lita forklaring på korleis dette enorme prosjektet reint praktisk var blitt gjennomført. Inkludert beinbrot og mange fleire strabasar!

Deretter følgde den elleville harsellasen omkring realitetane og absurditetane ei slik grense representerer. Denne estetisk vakre og formfullendte streken på kartet som andre, til dømes O. S. Moi, såg som » – ein hoggorm som er stivna til i dødskrampe». O. S. Moi fekk i og for seg rett til slutt – i dag er grensestreken som me veit borte vekk.

Me fekk sjå satirikaren og skodespelaren Olav på sitt beste. Eg kan ikkje gå inn på alle detaljane, for eit slikt fyrverkeri må opplevast der og då. I staden har eg freista å finne eit par bilete som kanskje kan syne noko av «galskapen». Dei ser du nederst i stykket.

Olav og Åsmund takka for seg med fynd og klem, der Olav song og Åsmund spelte fylkesgrensesongen på trekkspel.

I den vesle Stoga var lokalet godt fylt opp med engasjerte tilhøyrarar. Eg kan bare tale for meg sjølv; for meg var dette ein innartiar!

Fylkesgrensa.no

Olav har turnert omtrent heile landet med det populære fylkesgrenseforedraget sitt. Du kan lese mykje meir om det eineståande prosjektet på Fylkesgrensa.no.

Del "Ellevilt om fylkesgrensa!"