Kongshaugen – Evje

Gravhaugen Kongshaugen på Evje. Foto.

Kongshaugen er ein gravhaug, ein rundhaug av jord, i Fossvik ved Fennefossen på Verksmoen på Evje. Han er tidfest til siste halvdel en av 300-talet e.Kr. (yngre romertid). Haugen blei arkeologisk undersøkt av riksantikvar N. Nicolaysen i 1882. Då var haugen 30 m i tverrmål og om lag 4 m høg. Då han blei bygd, kan han ha vore rundt 25 m […]

Evje kyrkje

Evje kyrkje. Foto.

Evje kyrkje er ei langkyrkje i tre. Ho er eit staseleg kulturminne ved innkøyringa til Evje frå nord. Kyrkja vart bygt av Ludvik Karlsen i 1890–1891, og vigsla 16. desember 1891.  Det er plass til 450 personar, og kyrkja har galleri. Døypefont og preikestol er og bygt i 1891, og er i tre. Altertavla frå 1891 er […]

Flåt nikkelgruve

Ruinar etter Flåt nikkelgruve, Evje. Foto.

Flåt nikkelgruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes. Ho var ein gong Nord-Europas største nikkelgruve! Sjølve gruva er stengt og plombert. Men det er mykje spennande å sjå oppe på overflata også. Gruveområdet er difor ein ypparleg stad for eit besøk for deg som er interessert i gamal gruvehistorie. Frå hausten 2023 ligg Gruveblikk, dagsturhytta i […]