Knutsbakk – Bygland

Knutsbakk med fire store gravhaugar og minnestøtta etter 2. verdskrigen. Foto.

Dette er staden i Bygland for kransenedlegging til minne om dei som fall under 2. verdskrigen. Her ligg og fleire gravhaugar frå vikingtida. Knutsbakk var tilhaldsstad og ekserserplass for militære i dansketida, er det fortalt. Staden ligg om lag 175 meter sør for Bygland kyrkje. Minnestøtta Minnestøtta (t. h.) vart avduka 17. mai 1947 av fylkesmann Nils Hjelmtveit. […]

Nomelandshaugen

Nomelandshaugen. Stor gravhaug. Foto.

Nomelandshaugen er ein gravhaug på Nomeland, på vestsida av Otra, i Valle. Haugen har eit tverrmål på om lag 35 meter, og ei høgde på ca 3,5 meter. Den nordlege delen, ca. 1/3 av haugen, er planert ut til ca 1 meter over dyrka mark med eit steingjerde langs kanten. Nomelandshaugen er det største kjende gravminnet i Valle, og […]

Kongshaugen – Evje

Gravhaugen Kongshaugen på Evje. Foto.

Kongshaugen er ein gravhaug, ein rundhaug av jord, i Fossvik ved Fennefossen på Verksmoen på Evje. Han er tidfest til siste halvdel en av 300-talet e.Kr. (yngre romertid). Haugen blei arkeologisk undersøkt av riksantikvar N. Nicolaysen i 1882. Då var haugen 30 m i tverrmål og om lag 4 m høg. Då han blei bygd, kan han ha vore rundt 25 m […]