Nesodden gravrøys

Gravrøysa på Gullsand i Bygland. Foto.

På den søre spissen av Nesodden i Bygland, i vestre enden av den mykje brukte badestranda Gullsand, ligg ei godt synleg gravrøys bygd av kampestein. Nesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå aust, ved Lislestraumen vest for Nesmoen eit par kilometer nord for Bygland sentrum. På vestre sida av fjorden stikk det også ut to små nes. Det er såleis bare eit smalt sund som […]