Homme skulehus – Valle
![Homme og Tveitebø skulehus 7. september 2018. Foto.](https://setesdalssida.no/wp-content/uploads/2025/01/275-Homme-og-Tveitebo-skulehus-070918-2-2-2-1024x512.jpg)
Homme skule låg i Neset på Hommehaugen, og var skule for borna frå Homme og Tveitebø i Valle i tida 1876 til 1952. Konfirmasjonen blei innført i Noreg i 1736. Det førte med seg eit krav om undervising av dei unge. Det var bakgrunnen for at skulestellet etter kvart måtte kome inn i fastare former. Lenge var det bare tale om «omgangsskule». […]