Likkvila ved Stemmen – Jordalsvatn

Likkvila som skal vere etter Jørund Kvåle. Foto.

Likkvila ved Stemmen ligg rett sør for den gamle stemmen for Jordalsvatn aust for Jordalsbø i Bygland. Etter segna skal det vere likkvila til Jørund Gunnarson Kvåle. Jørund døydde under ein tur til Tovdal, truleg i 1670-åra. Likkvila ligg langs den gamle ridevegen Jordalsbø – Øy – Tovdal. Dei skal ha lagt henne den stunda dei kvilte då dei bar Jørund heim til Bygland. Likkvila er lita, […]

Likkvila attmed Ratøygard – Bygland

Helga Flateland (t.v.) og Anita Jørstad ved det som truleg er likkvila etter tipp-oldemor deira ved Ratøygard i Bygland. Foto.

Likkvila attmed Ratøygard ligg ved Jordalsvatn i Bygland austhei, ved den gamle ridevegen Jordalsbø–Øy–Tovdal, på sørsida av Eksævegen, nær den gamle støylen Ratøygard. Det er sagt å vere likkvila til Ingebjørg Olavsdotter Oppsal i Jordalsbø, som blei stanga ihjel av prestestuten på Øy 10. august 1859. Om kvelden fann slåttefolk frå Såghus henne død. Men bak på ryggen låg barnet hennar bunde på bakmeisa og […]

Tyskarminnevegen – Moisund

Tyskarminnevegen. Halvferdig fjellskjæring i skogen. Foto.

Tyskarminnevegen var eit vegprosjekt som okkupasjonsmakta sette i gong ved Slettefet på Moisund under 2. verdskrig. Dei ville rette opp hovudvegen – Setesdalsvegen – mellom Kvernhusmyra og Skorva rett sør for Slettefet. Store mengder sprengt stein og fleire fjellskjeringar ligg framleis og minnar om at prosjektet aldri blei ferdig. Slettefet–Skorva–Kvernhusmyra på Norgeskart.no Veg ved Ærekilen Stykket mellom Kvernhusmyra og Skorva […]

Bispestolane – spennande kulturminne og fint turmål

Bispestolane. Tre eldgamle steinstolar. Foto.

Segn eller sanning? Bispestolane er eit freda kulturminne, tre oppmura steinstolar, på Tellaugheia mellom gardane Espetveit og Kalland sør-vest i Evje og Hornnes. Korleis kome dit Frå Rv-9 på Moisund går Fv-301 (Abusdalsvegen) om lag 8 km vestover til Leiteskaret før Bispestolane hyttefelt. Du kan følge skogsbilvegen Bispevegen (over) ca 1,2 km sørover fram til Bispestolane. Dei ligg nær ein […]