Gravrøysa på Nånesodden

Gravrøys på Nånesodden i Bygland. Foto.

På Nånesodden, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg det ei gravrøys. Ho høyrer til den spesielle typen gravminne som vert kalla åsrøys. På Kulturminnesøk.no heiter det at ho er frå jernalderen. I ei undersøking sommaren 2012 i samband med erosjonssikring fann dei brentebein frå menneske og ein pinsett frå yngre bronsealder, noko som var ei stor […]