Skjoldmøypila på Hedde
![Gardsbruket Der nede på Hedde, med Skjoldmøypila i framgrunnen.](https://setesdalssida.no/wp-content/uploads/2023/03/Skjoldmoypila-Hedde-1024x607.jpg)
Skjoldmøypila på Hedde er ein om lag mannshøg og spiss stein på gardsbruket Der nede på Hedde i Hylestad. Steinen skal ha vore noko høgare før. Etter segna skal Skjoldmøyane ha skote pila etter Heilag-Olav då han for gjennom Setesdal. På same bruket står også det kjende Heddisloptet. Johannes Skar seier det slik: «Me Heddi la skjallmøyann` å `an; dei skut` a stei`pil […]