1879-vegen ved Byklestigen, den første køyrevegen, er sjølvsagt eitt av kulturminna på Kulturminnesøk. Foto: Geir Daasvatn

Kulturminnesøk – ei skattekiste

Her har du eit kjempebra hjelpemiddel for å finne spennande kulturminne i nabolaget ditt!

Slik skildrar Kulturminnesøk sjølv verksemda si (lett omskrive til nynorsk):

Kulturminnesøk er ei nettside der du finn informasjon om kulturmiljø, kulturminne og landskap. I Kulturminnesøk er det over 220.000 objekt. Freda bygningar, freda kulturmiljø, verdsarvstader, kyrkjer, arkeologiske kulturminne og kulturminne under vatn. Du finn alt frå kokegroper og gravhaugar, til kioskar og bensinstasjonar!

Du kan dra på kulturminnejakt i heile Norge, eller utforske kulturminna rundt heimstaden din.

Kulturminnesøk er drive av Riksantikvaren. Prosjektet baserer seg på data frå kulturminnedatabasen Askeladden og bidrag frå brukarar over heile landet.

Korleis finn du det du leitar etter?

Eg tykkjer sjølv det enklaste er å finne kulturminna i kartet. Eg bare scrollar meg inn på det området eg er interessert i, og så dukkar alle dei registrerte kulturminna i det området opp på kartet. Så er det bare å klikke på det kulturminnet du er interessert i å få vite meir om, og sjå kva som dukkar opp.

Det er også eit søkefelt der du kan skrive inn det kulturminnet du er på leiting etter, og andre metodar. På nettsida er det god, praktisk informasjon om korleis du brukar Kulturminnesøk, så eg går ikkje i detalj på det her.

Du kan bidra!

Du kan registrere deg som brukar, og sjølv leggje inn kulturminne som ikkje finst i registeret. Om du har bilete kan dei også leggjast inn på registrerte kulturminne.

Eit par eksempel

Under her er lenker til eit par eksempel på kva du kan finne på Kulturminnesøk:

Lykke til med skattejakta!

Del "Kulturminnesøk – ei skattekiste"