Anna (t.h.) og John T. Daasvatn, med dottera Torborg mellom seg. Anna var dotter til Margit, som eg skriv om i stykket her. Foto: Privat

Margit Hegland – tippoldemor mi

I 1834 kom ei jente til denne verda, på den øyde husmannsplassen Nedre Kviplassen i Heglands mark, i fjellheimen aust for Kvifjorden, nær grensa mellom Bygland og Sirdal. Ho fekk namnet Margit, og var tippoldemor mi.

Margit var nr. 3 i søskenflokken. Før henne var Tellef (f. 1827, d. 1868) og Karl (f. 1831, d. 1879). Foreldra til dei tre var Salve Tellefson Kvinen (f. 1792, d. 1866) og Gunhild Karlsdotter Handeland (f. 1794, d. 1867). Slektene deira var frå Sirdal.   

Tøff barndom i fjellheimen

Far til Salve, Tellef Tarjeison Suleskar, døydde i 1831. Salve og broren Gunnar d.y. (f. 1795, d. 1861) bruka Nedre Kviplassen i lag i fleire år. I 1841, truleg, flytta Salve med kona Gunhild ned frå fjellet. Margit må såleis ha budd inne ved Kvifjorden dei om lag sju første åra av livet sitt. I 1967 blei Kvifjorden demt opp i samband med utbygginga av Sira-Kvina kraftanlegg. Dei gamle hustuftene i Nedre Kviplassen ligg under vatn. Bare noko av det gamle jordet skal vere synleg, så vidt over vassflata. Eg håpar eg ein gong i livet kan få sett staden.

Omflakkande liv i Bygland

Kvar Salve og kona Gunhild kom då dei flytta frå Kviplassen rundt 1841, veit eg ikkje sikkert. Men i 1841 var dei på Segberg i Åraksbø og seinare same året på Sordal. I 1842 og 1843 hadde dei Ose og Austad som buplass. Ein gong etter dette kom dei til Kvistoga, ein husmannsplass på Hegland, omtrent der Granheim ligg i dag. På kaptein Falkenberg sitt kart frå 1850 er plasset kalla «Fattighuus». Far til Margit, Salve, er ofte nemnt i rettssaker som syskena hans var innblanda i. Men det blei aldri reist sak mot Salve, skriv Reidar Vollen i det første bindet av Bygland gard og ætt (s. 374–375). Det er frå Reidar sine framifrå bygdebøker frå Bygland eg har henta dei fleste av opplysningane i stykket.

Ved folketeljinga i 1865 budde Salve og Gunhild aleine i Kvistoga. Dei hadde ikkje husdyr. Salve blei kalla legdslem då han døydde i 1866. Gunhild er omtalt som sjukeleg og vanfør alt i 1840. Ho døydde i 1867, som «innerstenke» på Hegland.

Det må altså ha vore tøffe og fattigslege kår Margit vaks opp under. Men det gjorde sjølvsagt mange menneske på den tida. Ved den nemnte folketeljinga i 1865, når ho er blitt 30–31 år, finn me henne igjen som tenestejente hos Daniel Eivindson Ose på Ose bnr. 2. Då var ho gravid, som eg kjem tilbake til i neste avsnitt.

Stykket held fram under biletet

Rynningsvoddenburet på Ose bnr. 2. Kanskje sat Margit ein gong på bakken foran buret og såg utover Ose og Setesdal, og drøymde om eit betre liv? Eller kanskje var ho fortvila, og lurte fælt på korleis ho skulle klare seg som aleinemor for eit lite, «uekte» barn som ein så lite omsynsfullt kalla det på den tida. Foto: Geir Daasvatn

Anna kom til verda

Året etter, 16. mars 1866, blei Margit mor til ei dotter, Anna. I Bygland gard og ætt er namnet skrive som Anne. Men i familien min tykkjest ho alltid å ha vore Anna. Så eg skriv namnet slik. Faren var Salve Knutson Frøysnes (Salve Knutson Haslebakken) (f. 1840, d. 1879). Fødestaden var Haugetveit, der foreldra hans var brukarar av halve garden på denne tida. Foreldra, ja det var Knut Arneson Stoplestog (f. 1810, d. 1877) og Birgit Tarjeisdotter Nordenå (f. 1809, d. 1886). Det står eindel om Knut, altså tipp-tipp-oldefar min, i Bygland gard og ætt. Han budde mykje av tida si i Haslebakken, eller Fui» på folkemunne. Det var ikkje positivt meint. Margit og Salve var ikkje gifte.

Odden, Austad

I 1875 budde Margit saman med dottera Anna i plasset Odden på Austad, like sør for den gamle kyrkjegarden. Det er staden der den store sogemannen Olav Eivindson Austad noko seinare heldt til. Margit var då såkalla «innerst». Ho livnærte seg ved dagarbeid og dels som tenestepike. Ho var nå nær på 40 år gamal. I Bygland gard og ætt, bind III, side 312, er det eit bilete av den gamle husrekka i Odden. Det må ha vore trange kår.

Stykket held fram under biletet

Austad med Odden framst i biletet, t.v. for Ose Water. Foto: Geir Daasvatn

Til Tovdal

I 1878 drog Margit med dottera si over fjellet til Tovdal og garden Ramse. Anna var då 12 år gamal. Det var ein stor gard dei kom til. Her var over 20 arbeidsfolk, er det sagt. Anna blei konfirmert i Tovdal.

Etter at ho var konfirmert, tok Anna arbeid på storgarden Bås nær Dølemo i Åmli. Her var mange arbeidsfolk, og greie arbeidsforhold, har ho fortald seinare. Det er lite som er kjent om Margit etter at ho og Anna kom til Ramse. Ho døydde etter det som er skrive på garden Håkedal i Tovdal i 1892, rundt 58 år gamal. Håkedal er ikkje langt unna Bås. Så ho og Anna kan lett ha hatt god kontakt med kvarandre dei siste åra ho levde.

Men Margit rakk ikkje å oppleve at Anna i 1896 gifta seg med John T. Daasvatn (f. 1870, d. 1964) frå Dåsvannsdalen i Hornnes. Dei traff kvarandre på Bås. Eivind Bås heldt bryllaup for dei.

«Det var over 100 gjestar i bryllaupet», fortalde Anna seinare. «John blei full den kvelden», la ho til.

Same året – i 1896 – blei Anna og John foreldre til Tomas Daasvatn (f. 1896, d. 1977), bestefar min. Bestefar gifta seg i 1925 med Berte Flystveit (f. 1900, d. 1974) frå Flystveit i Åseral. Dei to blei foreldra til Arne Daasvatn (f. 1931, d. 1999) og fire søsken til – Jon (f. 1926, d. 2007), Anna Norveig (f. 1927) , Nils (f. 1929, d. 2019) og Øystein (f. 1935). Arne gjorde det lukketreffet å møte Gerd Herborg Mæsel (f. 1938, d. 1998) under gymnastida på Hornnes. Dei gifta seg i 1958, då Herborg var blitt gravid med eldstebror Finn. Arne skugga ikkje banen, og blei far til endå sju barn – derimellom meg – saman med si kjære Herborg.

Ved sida av eldstesonen Tomas fekk Anna og John dei fire jentene Tora (f. 1898), Marie (f. 1901), Gunhild (f. 1903) og Torborg (f. 1906).  

Stolt av tippoldemor mi

Margit Hegland må ha hatt eit strevsamt og vanskeleg liv. Kanskje blei det noko lettare for henne då ho kom til storgarden Ramse mot slutten av livet? Eg veit så lite om henne. I mine tankar er ho uansett ein helt, som aleine og på tøffe livsvilkår tok seg av det einaste barnet sitt – dottera Anna – og sørgde for at ho kom seg vidare i livet. Ei svær slekt med fleire hundre menneske kan takke henne for at me er til.

I desember 2022 opplevde eg den store æra å bli utnemnt til «Setesdalsambassadør» under Setesdalskonferansen til Setesdal Regionråd. Det føltest veldig rart. Eg kjenner meg ikkje som setesdøl, men som honndøl. Når eg tenker på tippoldemor mi Margit Hegland – fødd i fjellheimen oppe ved Kvifjorden, ei aude utpost så langt vestover som du kan kome i Bygland vesthei – og det strevsame livet hennar, må eg mest felle ei lita tåre. Litt trist, fordi ho må ha hatt eit veldig strevsamt liv. Men mest ei gledeståre, i ærbødigheit for denne strevsame kvinna frå Setesdal, som truleg aldri fekk noko spesiell merksemd for livsgjerninga si. Kanskje eg ikkje gjer så mykje galt ved å kjenne meg som litt setesdøl likevel, innerst inne? 

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I–V, utgjeve av Bygland kommune, 2002–2008
  • Nils Dåsvatn, Oppvekst på Farmo, trykt hefte, 2012
  • Nils Dåsvatn, Soga om Margit Hegland 1834–1892 og Salve Frøysnes 1840–1879, utrykt stykke
  • Torleiv Vika, Våre røter, privat hefte, 2002
Del "Margit Hegland – tippoldemor mi"