Biletet er frå gravferda til Knut O. Bø, truleg i Smiesvingen på Byglandsfjord. Kista blei så førd opp til Valle kyrkje, der han vart gravlagd. Over 1 000 menneske skal ha følgd han til siste kvilestaden. Foto: Jon Løyland. Frå Setesdalsmuseet si samling/Lokalhistoriewiki. (Lisens CC BY-SA 4.0).

Me minnast!

I dag er det 9. april, og årsdagen for det tyske åtaket på Norge i 1940.

Mange mista livet i fridomskampen i åra som følgde. Ein av dei var valldølen og motstandsmannen Knut O. Bø, disponent ved Setesdal Bilruter på Byglandsfjord ved krigsutbrotet. Knut blei avretta av tyskerane på Trandum 9. mai 1944.

Siri Johannessen har skrive ein framifrå artikkel om Knut O. Bø og motstandsarbeidet på Lokalhistoriewiki. Det er også artikkel om Knut O. Bø på Setesdalswiki.

Me minnast med takksemd Knut O. Bø og alle dei som måtte bøte med livet før Norge igjen var eit fritt land 8. mai 1945 💝

Les også: Anders Skaiå – ein helt frå krigens dagar

Del "Me minnast!"