Minnesteinen ved jernbanestasjonen i Kristiansand 20. mars 2023. Foto: Geir Daasvatn

Minnesteinen etter Setesdalsbanen

Minnesteinen om det første spadestikket på Setesdalsbanen er flytta frå Grim til Kristiansand jernbanestasjon.

Etter mange år med politisk ordskifte vedtok Stortinget 8. juli 1890 endeleg å bygge bl.a. Setesdalsbanen. Eg går ikkje inn på detaljane her. Det finst ei omfattande jubileumsbok, «Fra gamp til damp. Setesdalsbanen – de første hundre år» som fortel historia på glimrande vis.

Kong Oscar II

Det første spadestikket på Setesdalsbanen blei høgtideleg teke av Kong Oscar II i Kristiansand 21. juli 1891. Det skjedde ved Brønnstykket på Grim, under stor festivitas. Fleire tusen menneske skal ha vore til stades. Kongen var i Kristiansand i samband med byen sitt 250-årsjubileum.

Setesdalsbanen 1896–1962

Setesdalsbanen kom i drift til Kile i 1895, men blei offisielt opna i 1896 då lina var ferdig heilt opp til Byglandsfjord. Banen var i drift til 1962.

Minnesmerke i 1954

Storhendinga med Kong Oscar II fekk sitt minnesmerke i 1954. Då blei minnesteinen på biletet her avduka i den såkalla «Kongeskjeringa» på Brønnstykket, like ved toglina og rett nedanfor Grimsbrua. Høvet var 100-årsjubileet for jernbanen i Norge.

Her stod steinen temmeleg anonymt plassert lenge. Bare togpassasjerane kunne sjå han i eit kort augneblink før toget hadde sust forbi.

Flytta i 1991

Steinen blei så på initiativ frå NSB og Setesdalsbanens venner flytta nokre få meter til ein meir synleg stad, til eit lite parkanlegg ved den gamle Falken-stasjonen i Kristiansand. Det skjedde 21. juli 1991, på dagen – ja på timen skriv Reidar Tveito – 100 år etter at Kong Oscar II tok det første spadestikket ved Brønnstykket i 1891. Mellom dei som var med på denne nye avdukinga var dåverande ordførar i Bygland, Sigbjørn Horverak.

Nå på jernbanestasjonen i Kristiansand

Då eg just var i Kristiansand i eit anna ærend, såg eg at minnesteinen nå står fint plassert og godt synleg ved Kristiansand jernbanestasjon. Historia bak denne siste flyttinga, som skjedde i 2022, kan du lese her.

Kjelder

  • Reidar Tveito, Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord, 2014, side 12
  • Roar Olsen (red.), Fra gamp til damp. Setesdalsbanen – de første hundre år, utgjeve av Stiftelsen Setesdalsbanen, 1996, side 55–56

Del "Minnesteinen etter Setesdalsbanen"