Gravemaskinen til Nomeland Maskin parkert for helga på Myklebostad i Hovlandsdalen 20. januar 2023. Foto: Geir Daasvatn

Nomeland Maskin i heile Setesdal!

I sommar var eg ein tur til Store Førsvatn innforbi Breive i Bykle. Der var folk frå Nomeland Maskin AS i full sving med bygging av Veringsåe kraftverk.

I går 20. januar 2023 var eg ein tur bortover mot Vegusdal. Der har Nomeland Maskin AS oppdraget med grunn- og betongarbeidet på Flateland kraftverk, med Kaspar Strømme AS i Kristiansand som underentreprenør for betongen. Det er eit svært prosjekt. Meir enn 7 km med tunnel skal leie vatn frå Hovlandsåna via magasinet Kjetevatn ned til kraftstasjonen på Flateland.

Innlegget held fram under biletet

Inntaket i Hovlandsåna til Flateland kraftverk 20. januar 2023. Foto: Geir Daasvatn

Når eg er på «fototur» langs Riksveg 9 ser eg stadig maskinane og køyretøya til Nomeland Maskin i sving med sikringsarbeid, brøyting og mykje anna. I sommar har dei vore med og friska opp den vakre rasteplassen ved Honnevje i Valle – Norges beste? – og dei har gjort ferdig rulleskiløypa i Brokke. Pluss mange fleire små og større prosjekt rundt forbi. Eg har ikkje oversikt over alle, men har sett på Facebooksida til firmaet at det er mange. Så me kan trygt seie at Nomeland Maskin er på farta i heile Setesdal og vel så det.

I Olav Martin Sørlie-konsernet frå 1. januar 2023

Entreprenørselskapet Olav Martin Sørli AS i Kristiansand har frå 1. januar 2023 overteke eigarskapen til Nomeland Maskin AS og Nomelands Anleggsmaskiner AS. Frå før var ferdigbetong-verksemda seld til Ribe Betong. Inkludert i overtakinga er 40 dyktige tilsette, maskinar, bygningar og massetak.

Olav Martin Sørlie AS skriv på Facebooksida si at dei to Nomeland-selskapa skal halde fram som før, med nedslagsfelt i Setesdal. Nomeland-namnet har som me alle veit lange tradisjonar i entreprenørbransjen i Setesdal. Om lag 63 år er det sidan Saavi Nomeland starta opp med Nomeland Anlegg på Rysstad, trur eg. Då er det veldig stas at namnet er med vidare, slik at me også i åra som kjem skal få sjå flinke folk og svære maskinar frå Nomeland i sving kor enn me kjem forbi i Setesdal.  

Nomeland Maskin på plass under lastebilshowet på Åraksøyne 30. juni 2019. Foto: Geir Daasvatn
Del "Nomeland Maskin i heile Setesdal!"