Fargerike Evje fekk nye eigarar og drivarar seint i haust. Denne helga feirar dei nyopninga med mange gode tilbod og sjokoladekake!
Feiringa av nyopninga av Fargerike Evje held fram fredag 13. og laurdag 14. februar.
Eg var litt nysgjerrig på kva denne «nyopninga» kunne vere for noko, og stakk innom butikken torsdag ettermiddag for ein prat. Det var ei lur avgjerd, for der traff eg dei to sprudlande jentene Linn Moseid og Angela Fernandez-Hills og fekk samstundes høyre mykje spennande om verksemda og kva dei tenker om drifta vidare.
Linn og Cathrine Einarsdatter Bødtker kjøpte og overtok altså Fargerike Evje i november 2025. Dei har med seg Angela som tilsett i butikken i ei deltidsstilling. Mennene til Linn og Cathrine, Torgeir Junker Lund og Geir-Helge Bødtker, er også inne på eigarsida.
Ominnreiing av interiøravdelinga
Tida frå november fram til no har dei nye drivarane, med god hjelp frå mannfolka, i hovudsak brukt til å gjere ei stor ombygging av interiøravdelinga. Der er det kome mykje nytt. Du kan i grunnen få kjøpt omtrent alt du treng av utstyr til huset. Det er slikt som laminat til golv parkett, tepper inkludert vegg-til-vegg-tepper, lauparar, golvmatter, golvbelegg, tapet, gardiner, voksdukar, interiørartiklar og mykje anna. Her er også ei eiga og mykje populær avdeling med Panduro leikar. Du kan lese og sjå mykje meir til vareutvalet på Facebooksida til Fargerike Evje.
Målingsavdelinga
Fargerike Evje er forhandlar for både Baronesse, Fargerike-kjeden si eiga merkevare, og den velkjende Jotun-målinga. Dei sel Tjæralin dekkbeis som einaste forhandlar på Evje. Grunning, kostar, ruller, maskeringstape, ; kort sagt «alt du treng til målarjobben» får du hos dei blide jentene på Fargerike.

– Det er enormt mykje nytt å lære, men veldig spennande, seier Linn som er den nyaste på Fargerike.
Med eit lurt smil legg ho til:
– Mannfolk ser færre nyansar i fargane enn jenter, det er vitskapleg bevist!
Det taler altså for at me mannfolk bør la damene styre fargevalet!
Gode og varierte kunnskapar
Linn kjenner mange av oss elles etter dei mange åra på Databutikken Evje, der ho var til uvurderleg hjelp med all mogeleg slags krøll med mobiltelefonen og mykje anna. Heldigvis har både Cathrine og Angela god erfaring i målar- og interiørfaget, så dei nye drivarane startar langt frå på bar bakke. Cathrine var tilsett hos dei tidlegare drivarane Olaug Liestøl og Nadia Qvam Håkonsen i fleire år og treivst svært godt i jobben. Angela byrja å jobbe på Fargerike Evje med sommarjobb som 16-åring. Seinare blei det helgejobb og no har ho alt fem års erfaring i butikken. Samstundes som ho studerer statsvitskap.
Som den yngste i flokken, og truleg den mest oppdaterte på sosiale medier, er det Angela som sørger for at butikken er til stades og oppegåande på både Facebook og Instagram. I den koselege kaffikroken der me pratar saman kjem ho gong på gong med forstandige innspel som nok syner at eg som godt over 60-åring langt på veg er utdatert på feltet.
Spennande vidare!
Me er inne på så mangt i den fine samtalen. Eg får også bli med ein tur rundt i butikken for å sjå litt meir av vareutvalet og alt det flotte dei har å by fram. Fargekodar, fargenyansar, blandingskoder, det går heilt i ball for meg! Kva så med Linn som er heilt fersk i dette faget?
– Det er voldsomt travelt, men samstundes utruleg moro. Eg hadde det veldig fint saman med Marit på Databutikken. Men då denne mogelegheita til å overta Fargerike Evje saman med Cathrine dukka opp, kjente eg at det hadde eg lyst til å prøve. No gledar eg meg bare til fortsettinga!
Takk for at eg fekk kome innom for denne trivelege og lærerike praten og lykke til med butikken vidare!